Sider

Viser innlegg med etiketten Tutorial. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Tutorial. Vis alle innlegg

fredag 5. november 2010

Tutorial dåpskort

Her er tutorial på barnevogn dåpskort.




Dette trenger du: Mønsterpapir (med mønster på begge sidene), stanseverktøy, distress ink, tape, limpistol, perler og sløyfe.


Vogna er ca 8,5 cm høg (m/hjul) og 7,5 cm brei.





Til ei vogn må du stanse ut to rundingar. Eg huske ikkje kva dette stanseverktøyet heiter, men du får to rundingar på cm.




Klipp ut som vist på bildet over. Ein har då sjølve vogna.





Til hjul, brukte eg ein 5 kroning som mal. Går såklart fortare om ein har eit stanseverktøy som lagar så små rundingar, men har ein ikkje det, fungerer som sagt ein 5 kr perfekt. Treng 4 rundingar til kvar vogn.




Så sverta eg rundt alle delene med distress ink (brun).





Her har eg skjært ut ryggen til vogna. Den er 18 cm lang og 4 cm høg. På langs har eg prega 1 cm inn og på kortsida har eg prega ein halv cm inn.




Klipp begge endane som vist på bildet over. På den lille flippen på sidene har eg tatt dobbeltsidig tape.




Fest sammen som vist på bildene over.




Ta dobbeltsidig tape begge langsidene.




Klipp opp på langsidene som vist på bildet over og på nærbildet under. Dette for at det er lettare å forme ryggen når den skal festast til vogna.



På bildet over kan du sjå korleis eg har festa ryggen til vogna, dvs den store rundingen. Fest så på den andre rundingen. Til slutt tar du og festar to sjå rundingar (hjula) på kvar side. Sjå bilde under.



Du har då eit stk vogn du kan fylle med det du ønsker. På bilde under kan du sjå vogna i bruk som bordkort. Eg har hatt oppi bomull (dyne) og langt ein sjokoladebit oppi.




Lykke til .

Viss noko er uklart er det berre å spørre enten i kommentarfeltet under eller på mailen min.









Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...