Viser innlegg med etiketten kjøkken. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten kjøkken. Vis alle innlegg

11 mars 2012

innesyssler




Litt pics frå helga. Mor er nett komen heim frå arbeid og prinsessa har i mellomtida ordna bursdagsgave til barnehagekompis, skrive kort (med god hjelp frå pappaen) lagt nytt puslespel, tredd nydelige perler til et armebånd, teikna...etc. Kjekt å ha litt å syssle med når det  regner i bøtter og spann  h e i l e helga.

Sjekk det kjekke skapet bak, der samler vi alt av tegne og hobbyutstyr. Alt innen rekkevidde og kjekt å få skjult når det ikkje er i bruk. I midt-i-skapet prøver vi voksne og samle papir og ymse ting som ellers berre ligg og sleng. Det borteste skapet skjuler fiberinntak, masse modem og andre datadingser som er heilt greit ikkje viser, hater ledninger nemlig. Skapet skjuler i det heile tatt mykje rot, er nok det smartaste vi kunne få til i denne kroken av kjøkkenet. Trykk her om du kunne tenke deg å sjå heilheitsbilde av skapet og spisekroken.

Til neste gang; -ha det fint!
                                                                              Kristine

02 november 2011

miljøstasjon


Då er det klart for å resirkulere plast her!
For litt sidan kom plastreturordninga i gang her i kommuna, og vi fekk utdelt nokre svære plastsekker til å hive rasket i. Den heng på en krok ute av syne på spisskamerset,og det er like greit egentlig.

Den blå dunken på kjøkkenet derimot har vi fram til no brukt til papirinnsamling, og den er heilt super og blir brukt masse. Tok like godt å kjøpte en til, og på kort tid har den også fylt seg opp
 -med plast.

 Er ingen miljøfanatist, men ser jo at det fort blir litt avfall, og når dei står så lett tilgjengelig så blir dei faktisk brukt!


Liten aktivitet her inne frå meg i det siste, tida strekk liksom ikkje til, verken til å blogge eller besøke andre fine blogger, men koselig at så mange er innom her likevel da.
                                                                                                                :) Kristine

03 oktober 2011

middagsstund


Frå middagsbordet i dag. Norsk bondekost vart (etterkvart) servert i indiske skåler, fin miks det!
Desse skålene er liker eg så godt, kjem frå Kremmerhuset.


Brennsnut kaller vi retten her på møre. Betasuppe i resten av landet skal tru? 
Dette er vel velkjent, men skriv ned likevel korleis eg lager den:

Tar to poser kjøttsuppe og vatn (kan sikkert lages heeeilt frå grunnen også:)
blomkål
litt kålrabi
litt kål
purre
 3-4 poteter
et par-tre gulrøtter
røkt kjøttpølse
litt salt (kan sløyfes)
pølsene tilsettes siste ti minutta ca.

Veldig enkelt, det som tar litt tid er skrellinga og hakkinga, resten lager seg sjølv, putrer ei stund på middels varme til bitane er møre. Og den er like god dagen etter!
- og godt med flatbrød til:)

Litt indiske lykter og telysholdere i tre kom på bordet i dag sidan vi hadde litt god tid.
 Ute er det haustver, det blæs! Og då er det berre ekstra koselig med levande lys og ei god suppe å varme seg på.

                                                 Kristine

30 august 2011

tilgjengelig


Store og nyvaska kaffikrus heng lett tilgjengelig og klare til bruk.  Perfekt å kunne ta seg en ekstra kaffi eller to, på innedager som i dag der det har regna absolutt heile dagen og haustfølelsen ute er lett gjenkjennelig. God kaffi i gode kruser er ganske ok:)


God sein tirsdagskveld!

                                                                    Kristine


01 august 2011

blåtoner




 
Blått har lenge vore en favoritt her i huset. I ulike valører gir det minsann litt farge i en ellers så kvit og svart heim. Blåbæra fann eg i hagen her en dag, fin nok til å få bli med på bilde, medan blåbærteen både lukter og ser himmelsk ut, og ligg klar i boksa til besøkande. Sjølv held eg ein knapp på kaffi,
 s t e r k & s v a r t takk!




Trur det blå skal få følge på videre når vi går mot hausten, ja i dag er det faktisk august måned! Men da med litt andre teksturer og mørkere blåtoner i tekstil ispedd litt pels, og lys & telysholdere i blått...hmm er det lov å glede seg litt til haust og innekos?

                                                                                               klemklem Kristine 

04 juni 2011

små forandringer


Litt helgebilder frå ynglingsrommet, små forandringer i møbleringa gjorde stor forskjell. Godt å skifte litt om av og til. Tallerkenhylla kjøpt på loppis for en skarve 50 lapp har hatt ei pause i kjellerboda, men er igjen oppe på veggen. Nytt tøft skilt og telysholdere/drikkeglass frå Kremmerhuset matcher kvarandre fint synest eg.  Putene i stripa svart og kvitt er handla inn frå Jysk (skjeldan eg er innom der, men disse likte eg) 4 for 100,- overkommelig;) 

Fortsatt ønske om ei fin helg til du som les bloggen min!
                                      ♥

09 mai 2011

tolixer...

...kom med posten! Har drømt om slike i mange år, og endelig vart to stk mine. Er noko tidlaust over dei som eg liker. Dei gamle Ikea kjøkkenstolane er gått over til å bli malerstoler, fine å stå på når eg male vegger og tak. Og det har eg gjort til gangs i heile helga. Det store gang/trapp/kontor prosjektet går framover.No begynner det å likne på noko. Vanvittig mykje jobb, det held liksom ikkje med ett strøk for at det skal bli bra;) Mykje gjenstår enno, så nokre bilder blir det ikkje heeeeilt enno!
                                             Så heller litt søndagsbilder frå kjøkkenet igjen...

(Dessuten krev det ståldisiplin å stå inne å male i det fine veret vi har hatt her i dag;)

Håper veka som kjem bringe med seg like mykje solskin!

                                                                                                                      klem  kristine

10 april 2011

ferdig kjøkken!

Ja da var det endelig ferdig, nesten i alle fall. Dette kjøkkenprosjektet vårt. Meir skapplass har det blitt, der som lenge har vore ei stor ledig "luke" midt på veggen, med nokre heimenekra skap nederst mot golvet som ikkje vart heilt vellykka. No har vi i alle fall nok skap (og sprosser, oioi) Små porselensknotter er bestillt av svigers som er på Kristiansandstur og var så snill å dra på Ikea der, så dei kjem på snart. Og så skal det listes på toppen.
Veggen som i og for seg var fin fra før (berre sjå på opp på "juleheaderen" min,hehe) har blitt gustaviansk blå. Og det etter fire forsøk med å finne en gråfarge som kunne gå. Men det første en prøver er ofte det beste, så det blå vart et friskt pust i rommet og gjorde det straks mykje lysare!
14-15 grader ute i dag gjorde at vi kunne slå opp altandøra også, hærlig, skal sjå om ikkje det blomsterbedet der ute skal få seg en makeover også til sommer`n:)
Kjem garantert meir bilder frå dette rommet, skal piffe å pøne til med litt nytt på både vegger,benk og bord, og så er det liiike før det blir heimklikka to svarte tolixer også......håpe dokke ikkje er lei av dette rommet, er ganske så eksponert frå før da!
Kristine

09 april 2011

pust i bakken

En kort pust i bakken med nybaka brød, kaffi i koppen og nydelig Meyers hindebærmarmelade kjøpt med frå Kremmerhuset på kakeskiva (brødskive:) Men kan ikkje bli sittande for lenge, har myyykje som skal fiksast på i heimen i dag. Feks å få på siste strøket på kjøkkenveggen bak der...greit å bruke tida godt når en har barnevakt! Blir eg ferdig til i morgen så skal eg vise meir da!
Go laurdag folkens!
                                                          Kristine

03 april 2011

Gustaviansk blå og fretexfunn

Dette nattbordet tok eg med meg under arma på laurdag etter å ha funne det på Fretex for den nette sum av 100 kr. Har vore på utkikk etter noko slikt til å ha på barnerommet lenge, og plutselig dukka det opp, o`lykke!


Gustaviansk blå har blitt testa ut på kjøkkenveggen i helga også, men ingen avgjerelse er tatt om den får fortsette å vere der, har et par lyse gråfarger som må testast ut også der først. Men nattbordet derimot skal få seg et par strøk med gustaviansk blåfarge tenker eg!(er passe pissgul i fargen i virkeligheta) Kjøkkenskapa tvers ovanfor spisebordet er montert opp også, men sidan det egentlig ser ut som en byggplass her inne for tida, så venter eg litt med dei bilda... Resultatet blir bra når vi er ferdig, massssssse skapplass,hærlig hærlig!

Fin ny veke ønskes herifrå til deg!
                                        Kristine

21 mars 2011

meir kjøkkenskap


Hooray for meir kjøkkenskap! I dag kan eg by på dei dårligaste bilda ever, men tenkte eg skulle vise korleis stoda er her no. Vi skal til å montere opp meir Lidingøskap fra Ikea på veggen tvers overfor benken. Fram til no har der stått et heimesnekra benk/skap, som eg trur aldri er fotografert og publisert her? Er en god grunn til det... var ikkje særlig vellykka. No er det røska vekk, og håper på at dette blir bra i staden (og ikkje blir sjåandes ut som frå en katedral e.l,kremt :) Neida det blir kjekt med meir skap!

 Må berre få orden på det elekriske baki veggen der før vi kan montere...
fortsettelse følger!

Natta frå et stormfylt Ålesund

06 mars 2011

NIB utfordring kjøkken

Her er kjøkkenet vårt, lyst,trivelig og eigentleg akkurat passe stort til en liten familie. Veggen mellom kjøkken og spiseplass måtte vike for ei tid tilbake, for kontorrommet vart da omgjort til spiseplass. Lurt valg synest eg! Måtte sommeren komme snart så døra ut til terassen kan settast på vidt gap, drømmedrømme....
Uansett ver så er det koselig å sitte i slagbenken. Måltider, kaffidrikking og avislesing, tegne og pusleaktiviteter skjer til stadigheit der. Ei pipe som ikkje var til anna en irritasjon før, har etter to strøk tavlemåling blitt ein populær plass til å kreere små kunstverk signert 4 åringen i huset.
En stabel med flatpakka Lidingøskap ligg klare til montering ifrå helgas heftige Ikeatur. Det skal bli masse skap på veggen tvers ovanfor benken. Vi har sakna en plass der alle tegnesaker, perlerier og småtteri som flyt til vanleg og  modem, fiber og andre duppedipper kan gøymast. Ej gle mej:)
Etter litt leiting i bildearkivet har eg no vist husets ♥ . Mange mange fine bidrag på utfordringa denne gangen,virkelig, no skal eg ta ei runde til å kikke meir! Her kan du og sjå:)

Kristine

22 februar 2011

Gjenbruk er bra!

Svak for gjenbruk..
Svak for tepperyer..
Svak for blått..
Svak for dongeri..

 Klart denne skulle få bli med heim forrige laurdag da eg svinga innom Åhlens. År og dag sidan eg var innom der. Nederst inne i en reol låg denne, i 2 str.

Vart rett fin på kjøkkenet så der blir den nok liggande:) Heilt ok at den er laga av resirkulert blå dongeri, og heilt ok at eine kassa fra Plantasjen hadde blått trykk. Var det fleire en meg som kjøpte? Har fem stykker eg no. Solgte dei slike i andre deler av landet eller berre her på møre skal tru?
Blådunken er genial som papirgjenvinningstasjon før det blir kasta i den ordentlige blådunken ute. Kremmerhuskjøp til 399.

                                                                     Gjenbruk er jammen bra!

                                                                 Klem Kristine