Viser innlegg med etiketten Vesker. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Vesker. Vis alle innlegg

søndag 21. februar 2010

I dag har eg laga ei veska til min svigermor . Og viss nokon syns eg har vore litt vel vågleg i tøyvalet kan de berre slappe av for ho kom med dette stoffet sjølv og ville ha ei veske. Denne veska er spesial sydd til kaffikanna og diverse som ho har med seg på arbeid. Fuglen eg har applikert på er inspirert av logoen til Gilje Trevare der ho jobbar. Eg seier inspirert fordi den blei jo speilvend når eg klippa den ut .heh..kremt...Veska er i utgongspunktet (irr)grøn utanpå og mørkblå inni. (det kan du sjå på det eine bildet der eg har vrengt den.) Det fine er at ein kan vrenge den og bruke innsida ut og utsida inn alt etter dagshumøret! Og ein ting eg syns er litt kult er ein karabinkrok (er det det det heiter? ) eg har festa i ei reim over lomma. Ganske grei å feste nyklar i :D





Her ser du Gilbert!

Og her kjem Dorabuksa som eg skreiv om tidligare. Denne er sydd utan sidesaumar.
 Eg er misfornødd med montering av ribben i dag,og eg syns den blei for smal.
Men det er jo tross alt Dora så då går ho nok med den uansett!

 



onsdag 17. februar 2010

Pytagorasveske

Eg har lenge ønska meg ei veske til håndarbeid og eventuelle handleturar så i går kveld lagde eg ei av det samme mønsteret (pytagoras) eg brukte på sist veske berre litt større . Eg er veldig fornøgd , ja den inneheld skeivhetar og liknande  så eg hadde ikkje gitt ho bort, men EG er fornøgd! Har laga ei eiga lomme som passar akkurat til den bittelille telefonen eg har no. (Fleire gonger har eg faktisk ikkje funne den i veska i dett heile tatt! For så å ringe til den og høyre at den ER faktisk oppi der.) Det fine stoffet utenpå er (dette kommer nok som eit sjokk...) Tilda,og inni er det Tilda lommer. Foret er nervøscenillie ,ikkje mitt første valg i utgangs punktet men "man tager hva man haver" for eg trong veska med ein gong ;)
                                      Ha ein kjempe fin dag!

tirsdag 26. januar 2010

Turkis veske med blomstrete sengetøy

Har ikkje sydd veske før , dette var kjekt!
Stoff fra stoff&stil og svigermor :)
mønsteret fant eg gratis på Burda sine nettsider.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails