torsdag 26. februar 2009
Sky Watch Friday, winter sunshine.
tirsdag 24. februar 2009
Hoarfrost. / Rimfrost.
These photos are from a walk in the countryside in my neighbourhood on Des 28th. The woman on the photos is my daughter. / Eg har lyst å ta dykk tilbake nokre veker til ein romjulstur eg og "midtimellom" gjekk. Me var ute og gjekk i tre timar i eit fantastisk landskap her på Bokn. Sola skein frå skyfri himmel og det var ikkje eit vindpust. Det var frost, men ikkje snø og all vegetasjon var dekka av rimfrost. Sola stod lågt på himmelen så det var berre når me kom litt høgt i terrenget at me kom inn i solskinet. Me hadde ein liten pause der me sat med andletet mot sola og kjende korleis ho varma sjølv om det var den 28. desember.
søndag 22. februar 2009
Today's colour; black & white. / Svartkvitt.
I dag går det i svartkvitt rundt om på mange bloggar. Sjølv har eg berre fotografert i fargar så mine bilder er blitt svartkvite gjennom redigering. Eg har ikkje vore flink nok til å lagre bilda mine med back up så eg har misst ei mengd bilde då dataen krasja, litt har eg heldigvis lagt inn på CD og noko ligg hos Elite Foto og Foto Knutsen. No skal eg kjøpe meg ekstern harddisk. Sur måte å lære på dette...
Kjellardøra mi gjer seg godt i svartkvitt.
lørdag 21. februar 2009
Today's colour; purple. / Lilla.
I dag er det lilla/fiolett som gjeld i fargeveka. Eg synest at lilla er vakkert, men det har aldri vore "min" farge. Eg likar lilla blomar, saman med rosa blått og kvitt medverkar lilla til ein harmonisk heilskap. I dag vel eg å vise "ein enkel tulipan" fotografert i ulike stadie. Ikkje alle bilde er av god kvalitet, men det får så vere.
Tar også med sjalet mitt som eg har vunne. Herleg mjukt og varmt sjal i bølgemønster og ulike fargesjatteringar, gult, oransj, turkis, grønt og med hovedvekt på blått og lilla. Sidan det innheld så mange fargar passar det til det meste. I vinterhalvåret brukar eg det nesten dagleg.
Ta ein tur innom Mette på bloggen Koselig, der ligg det mange lilla lenker.
fredag 20. februar 2009
Today's colour; orange. / Oransje, varme og lys.
Fredag er oransje i fargeveka. Oransje er soloppgangen og solnedgangen sin varme farge. Første bilde mitt er tatt sist i november, på denne tida på året er sola over horisonten berre nokre få timar midt på dagen.
torsdag 19. februar 2009
Today's colour; yellow. / Gult er kult.
Torsdag er gul i fargeveka. For meg er gult ein farge som gjer meg glad :)
Ei av dei første rosene som blømer hos meg er Friesia.
Blomkarse har ulike varme fargar og han er alltid veksevilleg.

"Kosekroken" ein sommarettermiddag.
Eit gult hus i ein vinterkvit Heimdalhage.
Ta ein tur innom Mette på bloggen Koselig, der ligg det mange gule lenker.
Smalballblom likar seg også godt i Heimdalhagen.
Gjerdesolhatt vender blomane sine mot haustsola.
Abonner på:
Kommentarer (Atom)