Viser innlegg med etiketten sparkebukse. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten sparkebukse. Vis alle innlegg

torsdag 17. februar 2011

Eg er blitt tante

Ja, eg har jo vist ei stund at eg snart kom til å bli tante igjen, men eg viste ikkje om det skulle bli ei jente eller ein gut. I dag kom lisjejenta! Aldeles nydelig er ho Rødt hjerte i alle fall på dei bildene som eg har fått Smilefjes.

Eg har strikka sparkebukse som skal overleverast ved første anledning. Har ikkje festa knappane endå, for eg tenkte at det kunne vere lurt å prøve litt for å sjå kva dei må vere.

Detaljar:

Og sokkar må sjølvsagt frøkna ha og:

onsdag 27. mai 2009

Bambusvelour

Kva kan ein sy av bambusvelour. I utgangspunktet så kjøpte eg dette hos ein butikk som sel tilbehør og stoff til bleier og bambusvelour er deilig inn mot huda i tøybleier og tøybind. Stoffet er deilig mjukt og eg tenkte at dette må kunne brukast til noko meir. Og sidan eg nettopp har blitt tante til ein liten gut så tenkte eg at ei sparkebukse måtte vere tingen. Eg har kanta den med jersey fra Stoff og stil og knappane fann eg i syskrinet som eg arva etter mormor.