Har bestemt meg for å lage ny blogg, og den nye bloggen finn du her: Familien Dagfinrud Moe
onsdag, september 22, 2021
Pausa er over -ny blogg.
Etter ei lang bloggpause, har eg bestemt meg for å prøve å blogge litt igjen. Mykje har skjedd dei siste åra, så litt oppdatering må til.
onsdag, august 22, 2018
Høyr, kor kyrkjeklokkene lokkar
Våren 2015 fekk Marius og Hjørundfjord barnekor vere med på musikkspelet «Høyr, kor kyrkjeklokkene lokkar». Det er dirigenten i koret, Marie Austrheim Rise, som har laga melodiane og tekstane er skrivne på nynorsk av Jan Ove Ulstein. 
Mange lokale songarar var med, og mange barnekor. Veldig kjekt at Marius fekk vere med på dette.
torsdag, mars 03, 2016
17. mai 2015
torsdag, februar 18, 2016
Ei tid er over, ei ny skal starte.
Sommaravslutning i barnehagen, 2015.
Mariell er klar for 1.klasse til hausten, og Mathias skal starte i barnehagen.

Syng så fint til foreldra. Dei største ser så store ut når dei står ilag med dei små i barnehagen. No skal dei gå frå å vere størst i barnehagen, til å bli minst på skulen..og vi har ein førsteklassing, andreklassing og ein barnehagegut. Det er rart å tenkje på..

Flotte barnehagejenta vår på si siste sommaravslutning, og no er ho skulejente! Gjett om ho har gleda seg!

Førskuledagar. Spent på korleis det vil bli å verte 1.klassing.

Og her er ein som er veldig klar for å starte i barnehagen!
- Anette

Ballettframsyning.
onsdag, februar 17, 2016
Jobbtur til Spania
I mai 2015 reiste eg til Spania ilag med fire andre kollegaer. Vi skulle på ei nettverkssamling i lag med tre andre skular, og kombinerte dette med nokre fridagar slik at vi fekk ei heil veke til saman. Dette var både herleg og vemodig på ein gong. Eg hadde veldig lyst til å få nokre dagar i varmare strøk, samstundes som det var veldig vanskeleg å bestemme at eg skulle reise utan familien. Heldigvis er det så enkelt å halde kontakta i dag, at saknet vart ikkje så stort som eg hadde frykta.

Då vi sat i flyet på Vigra, kjende eg at det var heilt greitt å reise i frå dette regnet...

Og det var heilt nydeleg å starte neste dag i strålande solskin, i eit flott hus, med basseng i hagen.

Frukost ute sjølvsagt.

Sitrontre og appelsintre er ikkje slikt vi er vande med. Måtte smake på, men dei var veldig sure..

Det beste med å vere på tur åleine var å kunne gå på restaurant og ete god mat kvar dag. Sleppe å lage maten, sleppe oppvask... - Og eg elskar Thai-mat, så her kjem litt matbilete...

Banatree restaurant, fantastisk god mat og atmosfære. Fullt hus heile tida.

Forrett nr 1...

Nam, nam..

Her er vi på besøk på den norske skulen i Rojales. Dei fleste som jobba der heldt seg i skuggen, elevane også. Men vi nytta kvar einaste sjanse til å få litt sol på dei bleike kroppane.

Vi tok båt ut til ei gammal sjørøvarøy. Sjarmerande, men tydeleg utanom sesong, tomt og forlatt.

Tome gater, og stille.

Vi fekk oppleve flamencodans på ein koseleg restaurant ilag med alle som var på skulen på samling. Det var lærarar frå den norske skulen i London, frå Rojales, Bjørkedalen nærskule og oss frå Åmås.

Nydeleg god mat her også.

Den beste desserten ever! Var sånn vulkanliknande, som smelta og hadde rennende sjokolade inni...mmm...

Følte det var ein tekopp henta frå ein disneyfilm.

Kjøpte min første drink ever...var ikkje spesielt god ein gong. Men har i vertfall gjort det.

Og det var fullt mulig å trimme vekk nokre kaloriar medan ein tok ei øl, på bikibar.

Så var det mat igjen..Legg merke til kor mykje godt vi fekk servert i nokre lange vikingskipliknande båtar. For ein matorgie!

Siste dagen før avreise var vi til Alicante. Det var offisiell fridag i Spania, så shopping vart det dessverre lite av, men der var likevel litt salgsboder og anna spennande å kjøpe med som gåver heim.

På dette biletet sit vi og et lunsj..ja, eg veit det er feil ve, men fekk ikkje til å snu det no. Det som er litt komisk er at berre nokre minutt etter at eg hadde teke dette biletet, forsvann veska mi som heng på den tome stolen. Stjelt! Heldigvis låg både telefon og alle minibankkort på bordet og ikkje i veska. Snakk om flaks i uflaks! Så då vart det vandring i gatene for å finne ein politistasjon for å anmelde tjuveriet. Det tok si tid, men eg var veldig glad for at eg hadde med ei som kunne hjelpe meg då eg ikkje er så god i spansk, og politiet i Alicante tydelegvis ikkje er så gode i engelsk..
Då vi sat i flyet på Vigra, kjende eg at det var heilt greitt å reise i frå dette regnet...
Og det var heilt nydeleg å starte neste dag i strålande solskin, i eit flott hus, med basseng i hagen.
Frukost ute sjølvsagt.
Sitrontre og appelsintre er ikkje slikt vi er vande med. Måtte smake på, men dei var veldig sure..
Det beste med å vere på tur åleine var å kunne gå på restaurant og ete god mat kvar dag. Sleppe å lage maten, sleppe oppvask... - Og eg elskar Thai-mat, så her kjem litt matbilete...
Banatree restaurant, fantastisk god mat og atmosfære. Fullt hus heile tida.
Forrett nr 1...
Nam, nam..
Her er vi på besøk på den norske skulen i Rojales. Dei fleste som jobba der heldt seg i skuggen, elevane også. Men vi nytta kvar einaste sjanse til å få litt sol på dei bleike kroppane.
Vi tok båt ut til ei gammal sjørøvarøy. Sjarmerande, men tydeleg utanom sesong, tomt og forlatt.
Tome gater, og stille.
Vi fekk oppleve flamencodans på ein koseleg restaurant ilag med alle som var på skulen på samling. Det var lærarar frå den norske skulen i London, frå Rojales, Bjørkedalen nærskule og oss frå Åmås.
Nydeleg god mat her også.
Den beste desserten ever! Var sånn vulkanliknande, som smelta og hadde rennende sjokolade inni...mmm...
Følte det var ein tekopp henta frå ein disneyfilm.
Kjøpte min første drink ever...var ikkje spesielt god ein gong. Men har i vertfall gjort det.
Og det var fullt mulig å trimme vekk nokre kaloriar medan ein tok ei øl, på bikibar.
Så var det mat igjen..Legg merke til kor mykje godt vi fekk servert i nokre lange vikingskipliknande båtar. For ein matorgie!
tysdag, februar 16, 2016
Bursdagsfeiring: Marius 7 år og Mathias 1 år
Endeleg kom 7-årsdagen Marius hadde venta på så lenge. Han har hatt dilla på noko lego-greier som heiter Ninjago, så både kake og bordpynt var inspirert av det.
Vi valde å ha selskapet på klubbhuset denne gongen, og det var godt å ha litt betre plass enn vi har heime. Familieselskapet hadde vi seinare, slik at vi feira Marius og Mathias ilag.
Sjuåringen og eittåringen. Marius er den store helten til Mathias. Snill og god storebror.
Marius fekk mykje lego i gåve, og hadde arbeid med å byggje mange kveldar, og sjølv om han vanlegvis er den som sloknar først om kvelden, var han veldig uthaldande når han fekk byggje lego.
- Anette
måndag, februar 15, 2016
Gran Canaria -del 2, Palmitos Park
Ein av dei stadane vi lurte litt på om vi skulle fare til, var ein dyrepark som heitte Palmitos Park. Det kosta ein god del for oss som er fem stykker, så vi visste ikkje heilt om vi skulle ta oss råd til det også..vi hadde alt vore i Angry Birdsparken. Men så fekk vi plutseleg besøk av nokre frå Star Tour, som sa at vi måtte bytte rom på hotellet grunna vedlikehald på ventilasjonsanlegget. Som kompensasjon kunne vi få billettar til Palmitos Park! Då var vi skikkeleg heldige!
Kaktusar i slags former og fasongar.
Og flotte sommarfuglar.
Fugleshowet var vi litt i tvil om vi skulle sjå på. Vi tenkte at det sikkert ikkje var så spennande, men der tok vi grundig feil! Dette var noko av det tøffaste vi har sett! Dei minste fuglane fekk vi sjå på nært hald, mate og halde.
Papegøyer med sine triks og kunstar.
Dei litt større fuglane hadde også sine kunstar, og vi fekk mange faktaopplysningar frå fuglepassaren, som snakka i eitt sett, både på spansk, tysk og engelsk!
Ferien nærma seg slutten, og nest siste dagen, var vi på marked på Mogan. Der kjøpte vi oss kvar sin kjempestore is! Nam!
På stranda siste dagen og leika i sanden.
Så var det heim til kalde Norge igjen, men gjett om dette korta ned på vinteren! Vi lengtar tilbake, og håper vi kan gjere dette fleire gongar, men det spørs om det er råd å få til. Vi får sjå:-)
Abonner på:
Kommentarer (Atom)