Orsk: Skilnad mellom versjonar
s robot la til: war:Orsk |
|||
Line 77: | Line 77: | ||
[[fi:Orsk]] |
[[fi:Orsk]] |
||
[[uk:Орськ]] |
[[uk:Орськ]] |
||
[[war:Orsk]] |
|||
[[zh:奧爾斯克]] |
[[zh:奧爾斯克]] |
Versjonen frå 16. april 2010 kl. 09:02
Orsk Орск | |||||
---|---|---|---|---|---|
| |||||
Plassering | |||||
Styresmakter | |||||
Land | Russland | ||||
Føderasjonssubjekt | Orenburg oblast | ||||
Grunnlagd Bystatus |
1735 1865 | ||||
Borgarmeister | Jurij Berg | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd - By |
584 km² | ||||
Innbyggjarar - Totalt (2007) - folketettleik |
246 100 421,4 /km² | ||||
Koordinatar | 51°12′0″N 58°34′0″E / 51.20000°N 58.56667°E | ||||
Høgd over havet | 200 moh. | ||||
Tidssone - Ved sommartid |
YEKT(UTC+5) YEKST (UTC+6) | ||||
Diverse annan informasjon | |||||
Postnummer | 462400–462455 | ||||
Retningsnummer (tlf) | (+7)3537 | ||||
Nettstad: www.orsk-adm.ru/ |
Orsk (russisk Орск) er ein by i Orenburg oblast i Russland. Den ligg ved elva Ural, heilt sør i Uralfjella. Han hadde i 2007 like under 250 000 innbyggjarar og er den nest største byen i Orenburg oblast.
Historie
Orsk vart grunnlagt under den russiske koloniseringa av Sør-Ural. Den første busetnaden vart grunnlagt av ein ekspedisjon leia av Ivan Kirillov, som ei festning ved Preobrazjenskajafjellet på venstre breidd av elva Jaik (som idag heiter Ural). Festninga Orsk, som opphavleg heitte Orenburg, gjorde elva Ural til grenselinje for den russiske staten. I 1739 vart namnet på festninga offisielt endra til Orsk.
I 1861 vart festninga nedlagt og vart ein stasjon under Orenburg-kosakkane sin arme. I 1865 fekk Orsk bystatus og vart sentrum for Orenburg-regionen.
Byen voks dramatisk frå og med 1870-talet. Folkesetnaden var hovudsakleg sysselsett innan handel med kveg og korn, vidareforedling av jordbruksprodukt og forskjellige kunstformer og handverk. Mange kvinner var involvert i veving av dei kjende Orenburgsjala. Innan 1913 var folkesetnaden i Orsk på over 21 000. Under den russiske borgarkrigen, frå 1918 til 1919, motstod Orsk ein tre månader lang blokkade og hamna fire gonger på forskjellig side under kamphandlingane.
På 1930-talet starta bygginga av store industrielle verksemder som utnytta dei rike mineralførekomstane i regionen.
Økonomi
Orsk er det viktigaste industrisenteret i Orenburg oblast. Dei viktigaste industriane er metallurgi, maskinbygging, oljeforedling, næringsmiddel- og lettindustri. Dei viktigaste verksemdene er Juzjuralnikel, Orsknefteorgsintez og Juzjuralmasjzavod.
Bakgrunnsstoff
- Orsks historie (russisk)
- Orsks advertisement (russisk)
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Orsk» frå Wikipedia på bokmål, den 30. november 2008.