Brunpelikan
Brunpelikan | |
Brunpelikanbiletskildring | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Utbreiinga av brunpelikan | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Pelikanfuglar Pelecaniformes |
Familie: | Pelikanfamilien Pelecanidae |
Slekt: | Pelikanfamilien Pelecanus |
Art: | Brunpelikan P. occidentalis |
Vitskapleg namn | |
Pelecanus occidentalis |
Brunpelikan (Pelecanus occidentalis) er den minste av dei åtte pelikanartane, men han er likevel ein relativt stor fugl, med ei lengd på 106–137 cm, ei vekt mellom 2,75 og 5,5 kg og vingespenn på mellom 1,83 og 2,5 m. Brunpelikanen finn ein fyrst og fremst ved kysten, men også ved store sjøar sør i Nord-Amerika, og i Mellom-Amerika, Karibia og nord i Sør-Amerika.
Han har ein lang hals, stort nebb, ein sekk i undernebbet og korte føter med symjehud mellom tærne. I hekketida er han gul på hovudet og halsen kvit. Når han ikkje hekkar er hovudet gulspraglete. Reiret byggjer han på bakken[1] eller i tre[2] av pinnar og vegetatsjon, ofte på øyar. Egga er kvite, det er vanlegvis to til tre av dei, og brunpelikanen rugar på dei i om lag ein månad.
Brunpelikanen jaktar fyrst og fremst på fisk i havet ved kysten. Han dykkar med hovudet fyrst for å fange fisk. Vatnet vert deretter tømt ut av nebbsekken, som kan romme 13 liter, før fisken vert svelgt. Det hender att måsar prøver å stele fisken ut av nebbet til pelikanen medan han tømmer ut vatnet.
Fleire bilete
-
Ein vaksen brunpelikan i lufta
-
Ein brunpelikan som akkurat har dykka etter mat
-
Ein brunpelikan som er i ferd med å svelgje noko
Kjelder
- «Brun pelikan» Wikipedia på svensk, innhenta 17. april 2010.
- «Brown Pelican» Wikipedia på engelsk, innhenta 17. april 2010.
Referansar
- ↑ Pranty, Radamaker, Kennedy: Birds Of Florida, s. 75 (ISBN 976-8200-06-5).
- ↑ «All about birds»