Sebastian
Utsjånad
Sebastian er eit mannsnamn som tyder 'opphøgd, som krever vørdnad', av gresk sebastós , eller 'mann frå Sebastia'. Sebastia (Σεβάστεια) var det greske namnet på byen som no ligg i Tyrkia og heiter Sivas.
Sebastian har norsk namnedag den 20. januar.
Bruken av namnet i Noreg
Namnet var lite bruke i Noreg fram til 1970, men frå utpå 1980-åra steig populariteten til namnet kraftig. I folketeljinga i 1801 vart 9 manntalsførte med namnet Sebastian I folketeljinga i 1900 vart 12 manntalsførte med dette namnet I 2008 var det 5273 som hadde Sebastian til første førenamn
Kjende personer med namnet
- Heilage Sebastian (d. 287), katolsk helgen
- Johann Sebastian Bach (1685-1750), tysk komponist
- Johan Sebastian Welhaven (1807-1873), norsk forfattar
- Sebastian Kneipp (1821-1897), bayersk prest og terapeut, kjend for kneippkuren og kneippbrødet
- Sebastien Loeb (f. 1974), fransk rallyførar
- Sebastián Abreu (f. 1976) uruguayansk fotballspelar
- Sébastien Squillaci (f. 1980), fransk fotballspelar
- Sebastián Eguren (f. 1981), uruguayansk fotballspelar
- Sebastian Mila (f. 1982), polsk fotballspelar
- Sebastián Fernández (f. 1985), uruguayansk fotballspelar
Kjelder
- Olav Veka 1991: Namneboka, Det Norske Samlaget
Bakgrunnsstoff
- Søk etter norsk namnestatistikk for Sebastian hjå Statistisk Sentralbyrå
- Folketeljingar i Digitalarkivet