Vladimir Solovjov
Vladimir Solovjov | |
Statsborgarskap | Det russiske imperiet |
Fødd | 16. januar 1853 Moskva |
Død |
31. juli 1900 (47 år) |
Yrke | filosof, lyrikar, kommentator, universitetslærar, litteraturkritikar, skribent, teolog |
Språk | russisk |
Medlem av | Vitskapsakademiet i St. Petersburg |
Far | Sergej Solovjov |
Vladimir Solovjov på Commons |
Vladimir Sergejevitsj Solovjov (28. januar 1853–13. august 1900) var ein russisk religionsfilosof frå Moskva.
Solovjov arbeidde for å skape ei syntese av dei ulike hovudretningane i kristendomen; ortodoksien, katolisismen og protestantismen. Han utforma eit idealistisk grunnsyn med preg av mystisisme. Solovjov sitt androgyne gudsbilete basert på forestillinga om Sofia, den gudommelege visdommen, fekk stort gjennomslag i den russiske symbolismen. Mellom dei som var mykje påverka av Solovjov, var forfattaren og venen Fjodor Dostojevskij.
Peter Normann Waage kom i 1988 ut med Det usynlige kontinent: Vladimir Solovjov som Europas filosof. På norsk finst elles En kort fortelling om antikrist (1984). Erik Egeberg presenterar Solovjov kort i Profet og nattergal (1977) og gjev døme på lyriske arbeid.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Vladimir Sergejevitsj Solovjov i Store norske leksikon