Plystretanagarfamilien
Plystretanagarfamilien | |
Austplystretanagar, Calyptophilus frugivorus Illustrasjon av Cory, Charles Barney, 1885 | |
Utbreiing | |
Utbreiinga av plystretanagarfamilien | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Overfamilie: | Passeroidea |
Familie: | Calyptophilidae |
Slekt: | Plystretanagarfamilien Calyptophilus Cory, 1884 |
Plystretanagarfamilien er ein biologisk familie med ei einaste slekt, Calyptophilus. Gruppa er på to fugleartar som har hatt uklår plassering innanfor den biologiske ordenen Passeriformes, sporvefuglar. Dei er endemiske for øya Hispaniola.
Dette er fuglar på 18 til 21 centimeter i kroppslengd, mørk brungrå overside og lys, nesten kvit underside. Dei har ei gul markering mellom auget og nebbet og på framkanten av vengene. Nebbet er relativt langt, beina og føtene er kraftige. Begge artar er i nedgang og er lista som nær truga - sårbar hos Birdlife International.[1]
Slekta var tidlegare rekna som medlem av tanagarfamilien, Thraupidae, men frå 2017 blei ho sett inn i sin eigen familie Calyptophilidae.[2]
Artslista
[endre | endre wikiteksten]Calyptophilus i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2017[3] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[4]
- Vestplystretanagar, Calyptophilus tertius, Western Chat-Tanager, Wetmore, 1929, (VU)
- Austplystretanagar, Calyptophilus frugivorus, Eastern Chat-Tanager, Cory, 1883, (NT)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2017). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 8. oktober 2017
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 2017 BirdLife International Søk på Calyptophilus
- ↑ Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood (august 2017), Updates & Corrections: August 2017, The Clements checklist of birds of the world: Version 6.12, page 652, Calyptophilidae, Cornell Lab of Ornithology
- ↑ Schulenberg T.S.; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; T. A. Fredericks; D. Roberson (august 2017), eBird/Clements Checklist v2017 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 4. oktober 2017
- ↑ Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)