Aargletscher
Aargletscher | |||
isbre | |||
Unteraargletscher der breane Finsteraar- og Lauteraargletscher møter kvarandre
| |||
Land | Sveits | ||
---|---|---|---|
Aargletscher 46°34′10″N 8°11′30″E / 46.5694°N 8.1916694444444°E | |||
Wikimedia Commons: Aargletscher |
Aargletscher er ein isbre, eller eit bresystem, i den austlege delen av Bern-Alpane, ved Finsteraarhorn.
Bresystemet består av fire veldige isstraumar, som har sitt opphav i snøbreane under toppane kring om Finsteraarhorn. Eine greina er Oberaargletscher, som straks før utløpet renn i hop med Unteraargletscher. Den sistnemnde breen oppstår der to isstraumar, som sig ned frå høgdene under Schreckhorn, renn i hop. Breen vert pressa forbi foten av Lauteraarhorn, her møtest Lauteraargletscher og Finsteraargletscher, den siste sig forbi foten av Finsteraarhorn. Vidare flyt breen 6 km mot aust ned i fjellvatnet Grimselsee nær Grimselpasset. Aargletscher er hovudkjeldas til elva Aare.
Totallengda på breen vart i 1973 målt til 12,95 km, flatevidda 29,48 km². Oberaargletscher er 4 km lang (2005). I 1973 dekte han ei flatevidd på 5,82 km².
Naturvitarane Franz Joseph Hugi (1827) og Louis Agassiz (1840) studerte begge Aargletscher. Dei to var særleg interessert i å finne ut kor langt breen flaut på eit år.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Aargletscher» frå Wikipedia på tysk, den 16. mars 2010.