Albert Hansen
Albert Hansen | |||
| |||
Fødd | 26. desember 1847 Halden kommune | ||
---|---|---|---|
Død | 4. august 1925 (77 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Høgre | ||
Yrke | politikar, ingeniør | ||
Alle verv |
|
Hans Christian Albert Hansen (26. desember 1847–4. august 1925) var ein norsk ingeniør og politikar for partiet Høgre.
Albert Hansen var fødd og oppvaksen i Halden, der faren var «oeconomus».[1] Han gjekk på latinskulen i heimbyen, reiste så til Sverige der han vart uteksaminert frå Teknologiska Institutet i Stockholm i 1868. Fram til 1874 arbeidde han på ulike kanal-, jarnbane- og veganlegg i Sverige. Deretter var han engasjert med anlegginga av Støren-Åmot-banen og Smaalensbanen. Fra 1878 til 1903 var han amtsingeniør i Buskeruds amt. Mellom 1905 og 1917 var han amtmann i Smaalenenes amt.
Hansen representerte Drammen på Stortinget i periodane 1900-03 og 1903-06, han var medlem av jernbanekomiteen. I 1903 var med i Stortinget sin deputasjon i høve opninga av Oftotbanen. 1905-06 var han medlem av arbeidsløysekomiteen og i 1905 av den utvida justiskomiteen. Hansen var statsråd og sjef for Arbeidsdepartementet i Francis Hagerups andre regjering som rådde statsmakta frå 22. oktober 1903 til 11. mars 1905.
I 1901 vart Hansen utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden og forfremja til kommandør av 1. klasse i 1912. Som statsråd under unionsoppløysinga mottok han også 7. juni-medaljen.
Hansen døydde i 1925 i Rygge, der han hadde budd sidan han vart amtmann.
Kjelder og litteratur
[endre | endre wikiteksten]- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Bødtker, O.: «Hansen, Hans Christian Albert».- I: Norsk biografisk leksikon, b. 5, Aschehoug, Oslo, 1931. - S. 356-357
- Den Kongelige norske Sankt Olavs orden 1847-1947, utgitt av ordenskanselliet ved O. Delphin Amundsen, Grøndahl & Søns Forlag, Oslo, 1947
Notar
[endre | endre wikiteksten]Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Biografisk informasjon om Albert Hansen NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv
- Einskildmenn
- Fødde i 1847
- Døde i 1925
- Norske arbeidsministrar
- Statsrådar i Regjeringa Hagerup II
- Høgrestatsrådar
- Stortingsrepresentantar 1901-1903
- Stortingsrepresentantar 1904-1906
- Stortingsrepresentantar frå Høgre
- Stortingsrepresentantar for Drammen
- Norske amtmenn
- Fylkesmenn i Østfold
- Norske ingeniørar
- St. Olavs Orden
- Folk frå Halden