Albert Joleik
Albert Joleik | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 14. mars 1880 |
Død | |
Yrke | lingvist, redaktør |
Albert Joleik (14. mars 1880–30. april 1968) var ein norsk bladmann, målmann og lokalhistorikar. Han vart fødd som Albert Sigvard Andersen den 14. mars 1880 i Flora i Sunnfjord i noverande Sogn og Fjordane fylke. I 1905 fekk han namnet Albert Joleik offentleg godkjend.
Joleik tok universitetseksamen i geografi, naturfag, norsk og tysk. Han fullførte examen artium 16 år og 3 måndar gamal i 1896, som den yngste nokonsinne. I 1901 var han den fyrste studenten til å levera embetseksamen på landsmål (nynorsk).
Joleik var bladmann (journalist), lokalhistorikar og målmann. Han budde i Bergen og på Kleppstølen i Naustdal kommune, der han hadde gard. Mellom 1905 og 1908 var han offiser i Belgisk Kongo.
Frå 1921 vart Joleik statsstipendiat. I tida før den andre verdskrigen var han redaktør for ymse aviser. Her kan nemnast Spegjelen i Trondheim, Gula Tidend og sitt eige blad Fjordaposten i Bergen fram til 9. april 1940.
Joleik skreiv ei rik framstilling av historia til bygdene i Sunnfjord. Mellom anna Soga um Jølst fram til 1801 og litevetta um Breim (1967) om Jølster og Sunnfjordsoga fram til 1801 (1959). Joleik var ein kjend radiokåsør og festtalar.
Bibliografi
[endre | endre wikiteksten]Bøker
[endre | endre wikiteksten]- 1910 – Soga um jomsvikingarne (Oslo: Samlaget) I fulltekst ved nb.no [Omsetjar: Albert Joleik]
- 1925 – Soga um Torgjils Errabeinstjup, eller Floamanna saga (Bergen: Fjordaposten) I fulltekst ved nb.no [Omsetjar: Albert Joleik]
- 1959 – Sunnfjordsoga fram til 1801. Band 1 (Flora: Sunnfjord sogenemnd) I fulltekst ved nb.no
- 1959 – Sunnfjordsoga fram til 1801. Band 2 (Flora: Sunnfjord sogenemnd) I fulltekst ved nb.no
- 1960 – Ord sum er sams i rysk, norsk og svensk og ymse namnetolkingar (Bergen) I fulltekst ved nb.no
- 1967 – Soga um Jølst : fram til 1801 : og litevetta um Breim (Årdal i Jølster: Jølster sogenmnd) I fulltekst ved nb.no
- 1969 – Bremanger bygdebok. Band 1. Soga fram til 1801 (Svelgen: Bremanger sogenmnd) I fulltekst ved nb.no
- 1979 – Sunnfjordingen og haugianaren Anders Haave (Førde: P.T.K.)
- 1980 – Kløppstøls-folkje i 400 år (Bergen: K. J. Nedrebø) [Redigert av Kjellrun Joleik Nedrebø og Yngve Nedrebø]
- 1980 – Soga om Flora : før: Eikefjord, Florø, Kinn og Bru kommunar, no: Flora kommune. Soga fram til 1801 (Florø: Flora sogenmnd) I fulltekst ved nb.no
I tidsskrift - eit utval
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Hovudoppgåve av Norhild Joleik: Identitet, nasjon, profesjon : Albert Joleik si redaktørrolle i eit motkulturelt og profesjonssosiologisk perspektiv
- Utdjupande artikkel om Joleik skriven av Kåre Lilleholt på snl.no.
- Om Albert Joleik i Lokalhistoriska artiklar Sogn og Fjordane
- 1969 – Tidige typer : femten fargerike Bergensprofiler (Oslo: Cappelen) I fulltekst ved nb.no [Redigert av Gunnar Hagen Hartvedt. Av innhaldet: Albert Joleik, s. 217-231]