Alminneleg fleirtal
Utsjånad
Alminneleg fleirtal, eller absolutt fleirtal, i ei avrøysting vert ofte forstått som meir enn halvparten av dei avgjevne røystene, blanke røyster medrekna.
Avrøystingar i kommunestyre vert til vanleg avgjort ved alminneleg fleirtal. I Stortinget vert vanlege saker, som lov- og budsjettvedtak, avgjorte ved alminneleg fleirtal; her er det eit tilleggskrav om at minst halvparten av representantane må vere til stades ved avrøystinga.