Arvid Hanssen
Arvid Hanssen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 28. juli 1932 Lenvik |
Død |
31. juli 1998 (66 år) |
Yrke | skribent, lyrikar, barnebokforfattar |
Born | Arne Ivar Hanssen, Sigrid Merethe Hanssen |
Arvid Hanssen på Commons |
Arvid Hanssen (28. juli 1932–31. juli 1998) var ein norsk forfattar frå Senja, og statsstipendiat frå 1993. Hanssen var fødd i Vika i Lenvik.
Hanssen var ein folkekjær diktar som blant anna fekk fleire av dikta sine tonesette av Tove Karoline Knutsen, og for eksempel Kom sommarvind blei ein retteleg slager.
I tillegg til dikt skreiv han mange barnebøker med handlinga lagt til nordnorske miljø, på 70-talet kom dei ut på Norsk Barneblads forlag, seinare på J.W. Cappelens forlag. Den første vaksenromanen hans kom i 1981, Søsken på Guds jord. Romanen blei filmatisert av Laila Mikkelsen i 1983 med Anneli Drecker i ei hovudrolle.
Hanssen brann for å betre kåra til dei svakaste i samfunnet, særleg dei psykisk utviklingshemma, og det kjem tydeleg fram i fleire av bøkene hans, blant anna i romantriologien Søsken på Guds jord, Håpet har sterke hender og Englebrød. Bøkene hans har blitt omsette til dansk, svensk og samisk.
Arvid Hanssen nytta nynorsk i alle barnebøkene sine, mens romanane er skrivne på bokmål. Dikt- og visesamlingane er skrivne på dialekt. Han fekk Nynorsk barnelitteraturpris for dei to bøkene Kaldt hav og Den store båra, og Språklig samlings litteraturpris i 1989.
Arvid Hanssen var statsstipendiat frå 1993.
Lenvik kommune har kalla ein plass opp etter forfattaren, Arvid Hanssens plass. Han ligg utanfor Lenvik kulturhus på Finnsnes. Her er det reist ei byste av Hanssen.
Nordavindshagen, eller Arvid Hanssen-huset, som det også blir kalla, ligg i tettstaden Brøstadbotn i Dyrøy kommune. Nordavindshagen blei opna av kommunal- og distriktsminister Åslaug Haga under Dyrøyseminaret i oktober 2006.[1] Nordavindshagen huser blant anna Arvid Hanssens dokumentasjonssenter.
Hausten 2007 kom biografien Arvid Hanssen. En biografi om min far (Cappelen forlag), skriven av sonen Arne Ivar Hanssen.
Prisar og utmerkingar
[endre | endre wikiteksten]- 1975: Kultur- og kyrkjedepartementets litteraturpris for barne- og ungdomslitteratur, for Den vonde vinteren
- 1977: Melsom-prisen
- 1978: Nynorsk barnelitteraturpris for Kaldt hav
- 1978: Kultur- og kyrkjedepartementets litteraturpris for barne- og ungdomslitteratur, for Kaldt hav
- 1980: Nynorsk barnelitteraturpris for Den store båra
- 1981: Blix-prisen
- 1982: Prøysenprisen (saman med Tove Karoline Knutsen)
- 1984: Fritt Ords honnør
- 1985: Cappelenprisen
- 1985: Petter Dass-medaljen for sin forfattarskap med dikt på dialekt
- 1985: Troms fylkeskommunes kulturpris
- 1989: Språklig samlings litteraturpris
- 1991: Nominert til Nordisk Råds litteraturpris for romanen Fader Armod
- 1994: Tekstforfatterfondets ærespris
Verk
[endre | endre wikiteksten]Barnebøker
[endre | endre wikiteksten]- 1972 Han Johannes og eg (Norsk Barneblads forlag, Larvik)
- 1973 Kampen om Veslevågen (Norsk Barneblads forlag, Larvik)
- 1975 Den vonde vinteren : forteljing frå Nord-Noreg i 1930-åra (Norsk Barneblads forlag, Larvik)
- 1976 Randi til rors (Norsk Barneblads forlag, Larvik)
- 1977 Langt nord i verda (Norsk Barneblads forlag, Larvik)
- 1977 Året har mange dagar (Norsk Barneblads forlag, Larvik)
- 1978 Kaldt hav (Norsk Barneblads forlag, Larvik)
- 1979 For ein ferietur! (Norsk Barneblads forlag, Larvik)
- 1980 Den store båra, ungdomsroman (Cappelen, Oslo)
- 1983 Busserull-tider (Cappelen, Oslo)
- 1986 Topphuve-tider (Cappelen, Oslo)
- 1988 Jente-tider (Cappelen, Oslo)
- 1993 Trollmøte : tankebitar her og no (Cappelen, Oslo)
Diktsamlingar
[endre | endre wikiteksten]- 1977 I nordavindshagen (Rune forlag, Trondheim)
- 1977 Vise i støa (Cappelen, Oslo)
- 1978 Godt at gråmåsen song (Cappelen, Oslo)
- 1979 Åresang (Cappelen, Oslo)
- 1980 Støveldains (Cappelen, Oslo)
- 1983 Slipesteinstankar (Cappelen, Oslo)
- 1993 Sandkornjubel (Cappelen, Oslo)
Visesamlingar
[endre | endre wikiteksten]- 1982 Nordavindsvalsen og andre viser, melodiar ved Tove Karoline Knutsen, illustrert av Karl Erik Harr (Cappelen, Oslo)
- 1992 Kom sommarvind : viser og dikt (Cappelen, Oslo)
Romanar
[endre | endre wikiteksten]- 1981 Søsken på Guds jord (Cappelen, Oslo)
- 1984 Håpet har sterke hender (Cappelen, Oslo)
- 1985 Englebrød (Cappelen, Oslo)
- 1987 Frontene (Cappelen, Oslo)
- 1989 Kjærestebåten (Cappelen, Oslo)
- 1990 Fader armod (Cappelen, Oslo)
- 1991 Det svarte skjæret (Cappelen, Oslo)
- 1992 Skipperens vilje (Cappelen, Oslo)
- 1993 Ubåtnetter (Cappelen, Oslo)
Novellesamlingar og anna
[endre | endre wikiteksten]- 1988 Ho Nætta på hylla : og andre stubba (Cappelen, Oslo)
- 1990 Småkarer under frostmåne skriven i lag med Arthur Arntzen (Cappelen, Oslo)
Lokalhistoriske bøker og skrifter
[endre | endre wikiteksten]- 1968 Troms Innland Rutebil 50 år
- 1973 Finnsnes og handelen
- 1975 Samvirke på Finnsnes
- 1979 Lenvik kirke 100 år
- 1988 Troms Ungdomsfylkings historie
Musikkinnspelingar
[endre | endre wikiteksten]- 1981 Nordavindsvalsen, saman med Per Chr. Hansen
- 1982 Blå kveill, saman med Tove Karoline Knutsen
- 1992 Tenn lampa, saman med Tove Karoline Knutsen
Andre innspelingar med Arvid Hanssen
[endre | endre wikiteksten]- 1979 Nordnorsk Visegruppe: Hei løsti
- 1980 Tove Karoline Knutsen: Blå kveill
- 1980 Kolibri: La elva leve!
- 1980 Kari Bremnes, Ola Bremnes & Stiftelsen: Folk i husan
- 1980 Folque: Fredløs
- 1980 Medvind: Medvind
- 1981 Stiftelsen: Stiftelsens fristelser
- 1981 Ervaco Nord A/S: Vi é glá i Nord-Norge
- 1981 Plateselskapet Draugen: Draugen vise og rockefestival '80
- 1981 Home's Musikk: Nord-norsk visepop
- 1983 Ketil Vea: Jiedna for orkester/Godt at grå-måsen song
- 1984 Tove Karoline Knutsen: Veintetid (1984)
- 1985 Jan Høiland: My Songs
- 1992 Tove Karoline Knutsen: Tenn lampa
- 1994 Sverre Kjelsberg: Drømmen e fri
- 1995 Dag Kajander: Sanger fra Lofoten
- 1998 Bergen Nord Kammerkor: Slørblå junikveld
- 1998 Ultima Thule: A Cappella
- 2000 Onøy/Lurøy sangkor: Folket som leve her nord
- 2000 Kari, Ola & Lars Bremnes: Soløye
- 2004 Andreas Friis Jørgensen: Berøringer
- 2006 Onøy/Lurøy sangkor: Åresang
- 2006 Bjørnar Spydevold: Kom sommervind
- 2006 Bodø-oktetten: Vuggesang i vintertid
- 2007 Dag Kajander: Nordlandssang
- 2008 Bjarne Brøndbo, Ole Edvard Antonsen & Luftforsvarets musikkorps: Sommer i lufta
- 2009 Helene Bøksle: Morild
- 2009 Kai Larsen: Møt meg på kaia...
- 2010 Ultima Thule: Trolldom
- 2011 Tore Johansen: Nord
- 2011 Håkon Renanger: Trubaduren
- 2012 Lise & Roy-Frode Løvland: Trollmøte
- 2012 Vokal Nord: Mannu
- 2013 Blått & Rått: Mona
- 2013 Moddi: Grønt lauv i snyen
- 2013 Blått & Rått: Stifinner
- 2013 Moddi: Kæm va du?
- 2015 Anneli Drecker: Rocks & Straws
- 2016 MAI/Universal Music: MAI 1973–1983
- 2017 Anneli Drecker: Revelation For Personal Use
- 2017 Dag Kajander: Dag Kajander synger Arvid Hanssen
- 2017 Trine Strand: Sommar
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Dyrøyseminaret 2006 Arkivert 2019-05-05 ved Wayback Machine.