Hopp til innhald

Arkimandritt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Arkimandrit)

Arkimandritt er ein kyrkjeleg tittel som hovudsakleg vert nytta i austleg-ortodokse kyrkjer. Ein arkimandrit er ein stilling og ein tittel for ein forstandar i eit eller fleire kloster; tittelen svarar til abbed eller øvsteabbed i vestlege kyrkjer. Dessuten kan tittelen brukast om ein funksjonær i eit patriarkat eller eparki, og svarar til prelat eller eparki-funksjonær i vestlege kyrkjer. Tittelen kan også bli gjeven for å ære prestar.