Boye Strøm
Utsjånad
Boye Strøm | |||
Fødd | 18. juni 1847 | ||
---|---|---|---|
Død | 3. juli 1930 | ||
Nasjonalitet | Noreg | ||
Yrke | statistikar, plantesamlar |
Boye Christian Riis Strøm (fødd 18. juni 1847 i Grue, død 1930) var ein norsk statistikar.
Strøm vart cand. jur. i 1870, og var direktør for Det statistiske Centralbureau 1882–1886. 1889–1915 var han stiftamtmann i Tromsø stift og amtmann i Tromsø amt.
Han gav ut eit bind (om Stavanger amt, 1889) av verket Norges land og folk, som han òg var med å planlegge. Elles medverka han til publikasjonane til Det statistiske sentralbyrået, og redigerte dei åtte første årgangane av Statistisk årbok for kongeriket Norge.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Boye Strøm» frå Wikipedia på bokmål, den 1. november 2011.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- Salmonsens konversationsleksikon, Anden Udgave, bind XXII, s. 472. København: J. H. Schultz, 1927.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene: