Bjørn Lødemel
Utsjånad
Bjørn Lødemel | |||
| |||
Fødd | 19. august 1958 (66 år) Hornindal | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Høgre | ||
Yrke | politikar, bokhandlar, forretningsdrivande | ||
Alle verv |
|
Bjørn Lødemel (fødd 19. august 1958) er ein norsk politikar for Høgre. Han vart vald inn på Stortinget frå Sogn og Fjordane i 2009. Han hadde då vore ordførar i Hornindal kommune sidan 1995, samt kommunestyremedlem sidan 1991. Han har òg vore regionrådsleiar, og er leiar i Sogn og Fjordane Høgre.
Lødemel har utdanning frå handelsskule (1974–1976), og har vore fabrikkarbeidar ved Ekornes på Grodås (1978–1991) og sjølvstendig næringsdrivande bokhandlar med Lødemel bokhandel frå 1989 til 2008.
Stortingskomitéar
[endre | endre wikiteksten]- 2009–2013: medlem av Energi- og miljøkomitéen på Stortinget
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Bjørn Lødemel på Stortinget.no
- Bjørn Lødemel Arkivert 2009-01-30 ved Wayback Machine. hos Sogn og Fjordane Høgre
Føregangar Ola Are Ytrehorn |
Ordførar i Hornindal 1995–2009 |
Etterfylgjar Edvin Haugen |