Brukar:Egil Arne
Utsjånad
Egil Arne Standal opphavleg frå Ytre-Standal i Hjørundfjord, der eg i 10 år var geitebonde. Deretter var eg i mange år busett i Ørsta sentrum, der eg arbeidde som advokat. Frå 2009 har eg vore høgskulelektor ved Høgskulen i Volda, og i 2010 flytta eg også til Volda. På fritida er eg glad i å spele sjakk, springe halvlangt (halvmaraton), syng i kor og går gjerne i fjellet. Innimellom må dottera mi ha litt hjelp med fjordhesten sin. Eg er interessert i alt for mykje, og er truande til å skrive om litt av kvart. Foreløpig strekk ikkje tida heilt til, så eg rekk ikkje eingong skrive noko særleg om yndlingsemnet sjakk.