Daman og Diu
Daman og Diu | |||
forbundsterritorium | |||
Forkorting: IN-DD | |||
Land | India | ||
---|---|---|---|
Hovudstad | Daman | ||
Areal | 122 km² | ||
Folketal | 243 247 (2011)[1] | ||
Grunnlagd | 30. mai 1987 | ||
Daman og Diu 20°25′37″N 72°51′00″E / 20.426944444444°N 72.85°E | |||
Kart som viser Daman og Diu.
| |||
Wikimedia Commons: Daman and Diu |
Daman og Diu er eit tidlegare forbundsterritorium i India. Hovudstaden var Daman. 26. januar 2020 blei det slått saman med Dadra og Nagar Haveli til det nye forbundsterritoriet Dadra og Nagar Haveli og Daman og Diu.[2]
Ved folketeljinga i 2011 hadde territoriet eit folketal på 242 911.[3]
Historie
[endre | endre wikiteksten]I over 450 år var desse små kystområda ved Arabiahavet ein del av portugisisk India, saman med Goa og Dadra og Nagar Haveli. 19. desember 1961 blei Goa, Daman og Diu innlemma i India etter ein invasjon.[4] Innlemminga blei først anerkjent av Portugal i 1974. Goa, Daman og Diu utgjorde eit enkelt unionsterritorium fram til 1987, då Goa ble ein eigen delstat. Daman og Diu blei då eit separat forbundsterritorium, der kvar av dei to enklavane utgjorde kvart av dei to distrikta i territoriet.
Hovudspråket i Diu er gujarati, medan innbyggjarane i Daman stort sett snakkar marathi. Portugisisk er språket til rundt 10 % av innbyggjarane. Minoritetsspråket er i tilbakegang, sidan det ikkje blir brukt i skuleverket. Det finst også kreolspråk basert på portugisisk, nemleg língua da casa ('heimespråket') i Daman, og língua dos velhos ('språket til dei gamle') i Diu.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Diu er ei lita øy utanfor kysten av Saurashtra-halvøya i delstaten Gujarat. Øya utgjør ca. 20 km², og er bunden saman med Gujarat av fleire bruer. Byen Diu ligg på austspissen av øya, som elles omfattar sandstrender ut mot Arabiahavet, jordbruksdistrikt inne på øya og sumpområdet inn mot Gujarat.
Daman er eit noko større landområde på 71 km². Det ligg på grensa mellom Gujarat og Maharashtra, nord for Mumbai. Byen Daman ligg ved munninga av elva Damanganga.
Både Daman og Diu er prega av den portugisiske fortida, og i begge byane finst det store portugisiske festningsverk, gammal byarkitektur og rikt utsmykka katolske kyrkjer. Ei liberal haldning til alkohol som også er ein arv frå kolonitida har gjort begge enklavane til populære reisemål for indarar frå område med meir restriktiv lovgjeving.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 http://www.censusindia.gov.in/pca/DDW_PCA0000_2011_Indiastatedist.xlsx.
- ↑ Staff, The ID (4. desember 2019). «Dadra & Nagar Haveli and Daman & Diu UTs merge for 'better admin efficiency, service': MoS Home». Indus Dictum. Arkivert frå originalen 11. november 2021. Henta 5. desember 2019.
- ↑ Size, growth rate and distribution of population, Census of India, s. 47.
- ↑ Daman & Diu Arkivert 2015-02-28 ved Wayback Machine. – WhereInCity.com, India Information
- Denne artikkelen bygger på «Daman og Diu» frå Wikipedia på bokmål, den 16. februar 2015.