Hopp til innhald

Det beninske flagget

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Det beninske flagget i dag.
Flagget mellom 1975 og 1990.

Det beninske flagget blei teke i bruk som nasjonalflagg i Benin i 1959, då landet var i ferd med å få sjølvstende frå Frankrike. Då landet gjekk over til marxistisk styre i 1975 blei det endra til eit grønt flagg med ei raud stjerne oppe til venstre, men 1. august 1990 blei det gamle flagget igjen teke i bruk.

Fargane er tradisjonelle panafrikanske. Grønt står for håp, gult for rikdom og raudt for mot.