Hopp til innhald

Det sørsudanske riksvåpenet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Det sørsudanske riksvåpenet viser ei flodørn (Haliaeetus vocifer), ei ørn som er utbreidd i størsteparten av Sør-Sudan. Ørna har spreidd stjert og venger og ser mot venstre (for sjåaren). Framfor ørna er eit tradisjonelt skjold og eit spyd i kross med ein spade. Ørna står for styrke, motstand, majestet og visjon. Spaden står for folket sin vilje til å arbeida hardt for å fø staten sin, og våpna for viljen til å forsvara det.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Det sørsudanske riksvåpenet