Hopp til innhald

Eurovision Song Contest 1975

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eurovision Song Contest 1975
Dato
Vertskap
Stad
Sankt Eriks-Mässan[1]
Stockholm i Sverige
Programleiar(ar)
Karin Falck
Varigskap
Opningsnummer
Pausenummer
Bidrag
Debuterte
Tyrkia
Attende
Frankrike
Malta
Trekte seg
Hellas
Kart
Røysting
Vinnar
Nederland med «Ding-a-dong» av Teach-In
Eurovision Song Contest
1974 1976

Eurovision Song Contest 1975 var den 20. utgåva av Eurovision Song Contest, den årlege songtevlinga for medlemslanda av organisasjonen EBU. Tevlinga fann stad i Sverige som følgje av landets siger året før med ABBA og «Waterloo». Tevlinga blei arrangert av Sveriges Radio og arrangert laurdag 22. mars 1975 i St:Eriksmässan[2] i Stockholm. Dette var fyrste gongen Sverige arrangerte finalen, og det var den fyrste i Skandinavia sidan Danmark arrangerte i 1964. Den svenske regissøren, programleiaren og tv-produsenten Karin Falck leia sendinga.

Talet på deltakarar auka til 19 land, noko som var ny rekord. Frankrike og Malta var tilbake, mens Tyrkia debuterte. Hellas, som debuterte året før, valde å stå over dette året.

I likskap med dei to føregåande åra, kunne deltakarane syngje på det språket dei ønskte. EBU innførte dette året ei ny juryordning og eit nytt poengsystem: Kvart land gav 1–8, 10 og 12 poeng til sine ti favorittsongar. Poengskalaen er framleis i bruk i dag.

Nederland vann sin fjerde siger med gruppa Teach-In og songen «Ding-a-dong», som fekk stor kommersiell suksess etter sigeren. Med fire sigrar var Nederland saman med Frankrike og Luxembourg dei mestvinnande landa i tevlinga, men det skulle bli dem siste sigeren til Nederland på 44 år – inntil Duncan Laurence vann i 2019 med «Arcade». Storbritannia fekk sin niande andreplass med The Shadows og «Let Me Be the One», mens Italias «Era» enda på tredjeplass. Frankrike og Luxembourg blei høvesvise nummer fire og fem. Noreg enda nok ein gong i den andre enda av resultatlista. Noreg var representert av Ellen Nikolaysen og låten «Touch My Life With Summer», skriven av Svein Hundsnes. Det norske bidraget enda nest sist med 11 poeng.

Stockholmsmässan[3] husa Eurovision Song Contest i 1974.

Etter sigeren til ABBA med «Waterloo» året før stod Sveriges Radio, i dag skild ut med tv-selskapet SVT, vertskap for tevlinga.

Lenge var den svenske kringkastaren usikker på om han i det heile tatt kunne ta på seg arrangementet, hovudsakeleg på grunn av dei høge kostnadane – anslegen til mellom 500 000 og 600 000 svenske kroner.[4][5] På denne tida tok vertskringkasteren på seg alle utgiftene, mens dei andre landa fekk delta og sende programmet utan å betale for det. Sidan Eurovision Song Contest stadig auka i omfang, vedtok EBU difor at tevlinga heretter skulle bli eit spleiselag mellom deltakerlanda. Kvart land skulle betale ein kontingent ut frå storleiken til landet og talet på lisensar.[5] Denne spleiseløsningen gjaldt fyrst frå og med 1976, slik at Sveriges Radio måtte betale heile tevlinga sjølv i 1975.[4]

Sveriges Radio la tevlinga til konferansesenteret S:t Eriksmässan, i dag kalla Stockholmsmässan[6], i Älvsjö i Stockholm. Salen kunne ta flere tusen publikummarar, men på grunn av store krav til tryggleik var det berre rundt 850 akkrediterte pressefolk og delegasjonsmedlemmar i salen.[7] Sveriges Radio fekk heller ikkje billettinntekter på arrangementet, sidan EBU ikkje tillot billettsal.[7] Sendinga blei overført til 34 land med eit potensielt publikum på opptil 600 millioner sjåarar.[8] Sendinga var rekordlang – 2 timar og 12 minutt.[9]

Frankrike og Malta var tilbake i tevlinga, og Tyrkia, som allereie hadde sendt finalen i fleire år, debuterte.[10] Dimed stilte rekordmange 19 land på scena i Stockholm. I likskap med dei to føregåande åra, kunne landa synge på det språket dei ønskte. Alle dei nordiske landa og Nederland framførte sine bidrag på engelsk. Startrekkjefølgja blei avgjord ved loddtrekking.

Programleiar var Karin Falck som hadde jobba i svensk fjernsyn sidan 1955.[11] Finalen starta med ein film som tok for seg svensk historie og kultur på ein humoristisk måte. Deretter ønskte Karin Falck velkommen på svensk, før ho fortsatte på engelsk og fransk. Kvart land blei introdusert med ein videofilm som viste artisten til landet som prøvde å måle eit sjølvportrett og flagget til landet sitt.

Startrekkefølgja var avgjord ved loddtrekking. Nederland opna tevlinga og avslutta framsyninga si med å knuse ein liten glaskolbe. Det var også fleire andre minneverdige augneblink blant framsyningane: Joy Flemming frå Tyskland stilte i mørkegrøn kjole og leverte ei meget engasjert framsyning av bidraget «Ein Lied kann eine Brücke sein».[12] Komponisten til songen, Rainer Pietsch, var også dirigenten til Tyskland, og han leverte ei like engasjert framsyning då han nærast trampa orkesteret i gong.[13]

Hitar og vinnarar

[endre | endre wikiteksten]
Teach-In feirer sigeren ved framkomsten på Schiphol i Amsterdam.

Storbritannia stilte med det tidlegare bandet til Cliff RichardThe Shadows. Under prøvene hadde vokalisten til bandet, Bruce Welch, gløymt teksta fleire gongar. På direkten snubla han nok ein gong i teksta og snudde seg til resten av bandet og braut ut: «Eg visste det!» for open mikrofon.[14] Trass dette fekk songen «Let Me Be the One» ein andreplass, den niande andreplassen til Storbritannia. Etter finalen gjekk det britiske bidraget inn på singellistene i Storbritannia og Irland, og i Noreg låg songen 15 veker på VG-lista med ein andreplass som toppnotering.[15]

Italia kom på tredjeplass og fekk også stor kommersiell suksess med sin «Era». Låten låg på VG-lista i 15 veker med ein tredjeplass som høgaste notering.[16] Også det svenske bidraget, «Jennie, Jennie», nådde VG-lista og låg der i seks veker med sjuandeplass som høgaste.[17]

Størst suksess fekk vinnarlåten, nederlandske «Ding-a-dong» med Teach-In, skriven av Dick Bakker, Will Luikinga og Eddy Ouwens. I Noreg toppa songen VG-lista i åtte veker og låg på lista i til saman 20 veker.[18] Songen toppa også hitlistene i Danmark og Sveits, og han nådde ein tredjeplass heime i Nederland.[18]

Det norske bidraget

[endre | endre wikiteksten]
Ellen Nikolaysen var deltakar for Noreg. Her frå den norske finalen i 1974.

Noreg deltok i Eurovision Song Contest for 15. gong og blei dette året representert av Ellen Nikolaysen. Ho deltok i 1973 som ein del av Bendik Singers, og ho hadde vunne den norske finalen i januar 1975 med låten «Det skulle ha vært sommer nå», skriven av Svein Hundsnes. Songen blei omsett til engelsk før den internasjonale finalen og fekk tittelen «Touch My Life (With Summer)».

Pressa var lite begeistra for den norske balladen og dei andre bidraga i den norske finalen. Jurymedlem Terje Rypdal gjekk ut i VG og slakta dei innsendte bidraga til den norske finalen og etterlyste nytenking: «På meg kan det virke som om folk binder seg fullstendig når det blir snakk om Melodi Grand Prix. Da tenker man akkurat som man har gjort de siste årene. Nytenkning virker nesten uhørt.» sa Rypdal.[19] Heller ikkje Aftenposten var særleg positiv etter den norske finalen: «En norsk Grand Prix-melodi er like uforanderlig som sfinxen. De fleste av lørdagens finalemelodier kunne like gjerne deltatt i 50-årene.»[20]

Heller ikkje artisten sjølv, Ellen Nikolaysen, var særleg optimistisk før den internasjonale finalen. Då Aftenposten spurde ho om vinnarsjansane til låten, svara ho nøkternt: «Jeg tror det skal bli vanskelig for den å komme opp. Den sitter ikke med én gang, man må høre den en fem–seks ganger først. Men man får jo gjøre så godt man kan.»[21] Det norske bidraget gjorde då heller ikkje særlig inntrykk på dei europeiske juryane. «Touch My Life (With Summer)» fekk berre 11 poeng: to frå Nederland, to frå Monaco og sju frå Italia. Det heldt til ein nest sisteplass av 19 deltakarar.[22]

Med til Stockholm var Carsten Klouman som dirigent for Noreg, mens John Andreassen kommenterte sendinga for NRK Fjernsynet.[23] Erik Heyerdahl kommenterte for NRK Radio,[24] mens Sverre Christophersen las dei norske poenga frå studio på NRK Marienlyst i Oslo.

Avrøystinga

[endre | endre wikiteksten]

Dette året innførte EBU eit nytt poengsystem. Forslaget kom frå underhaldingssjefen i finske Yle, Heikki Seppälä, som ønskte å unngå at land fekk null poeng, og for mange delte plasseringar.[25]

Kvart land hadde ei jurygruppe med elleve medlemmar mellom 16 og 60 år.[8] Jurymedlemmane bedømte songane til dei andre landa med poeng frå 1 til 5. Deretter summerte jurysekretæren saman dei individuelle røystene til dei elleve jurymedlemmane. Songen som fekk flest juryrøyster, blei tildelt 12 poeng frå den nasjonale jurygruppa. Andreplassen fekk 10, tredjeplassen 8, fjerdeplassen 7 og så vidare ned til tiandeplassen som fekk 1 poeng.[9] Altså gav kvar jurygryppe 12, 10 og 8–1 poeng til sine ti favorittsongar. Det var ikkje lov å røyste på bidraget frå sitt eige land. Oppsynsmann for avrøystinga var Clifford Brown frå EBU.

Kvart land hadde ein representant som las opp poenga via telefon på direkten under avrøystinga. Poenga blei ikkje lesne opp i stigande rekkefølgje frå 1 til 12 som seinare (ordninga med å lese opp poenga frå 1 til 12 byrja i 1980). I staden blei poenga lesne opp i kronologisk rekkefølgje ut frå startrekkefølgja. Dette skulle gjere det enklare for operatørane av den manuelle poengtavla å halde følgje, slik at dei raskt og korrekt fekk oppdatert poengsummen til kvart land undervegs.[26]

Avrøystinga blei eit tett løp mellom Nederland og Storbritannia, og dei to landa følgde kvarandre stort sett under heile avrøystinga. Det var fyrst då Sverige røysta som nest siste land, at Nederland sikra seg sin fjerde siger. Storbritannia kom på andreplass for niande gpng. Fjorårsvinnar ABBA var ikkje til stades for å overlevere prisen, i staden var det generalsekretæren i EBU, Henrik Hahr, som delte ut prisen til Dick Bakker, Will Luikinga og Eddy Ouwens, som hadde skrive «Ding-a-dong».

Deltakarar

[endre | endre wikiteksten]

Liste over deltakarane og det offisielle resultatet.[27] Tabellen er rangert etter startrekkefølgje; plasseringa og poengsummen er i kolonnane til høgre.

Startnr. Land Artist Song Språk[28] Plass Poeng
01 Nederland Teach-In «Ding-a-dong» Engelsk 1 152
02 Irland The Swarbriggs «That's What Friends Are For» Engelsk 9 68
03 Frankrike Nicole Rieu «Et bonjour à toi l'artiste» Fransk 4 91
04 Tyskland Joy Fleming «Ein Lied kann eine Brücke sein» Tysk, engelsk 17 15
05 Luxembourg Géraldine «Toi» Fransk 5 84
06 Noreg Ellen Nikolaysen «Touch My Life (With Summer)» Engelsk 18 11
07 Sveits Simone Drexel «Mikado» Tysk 6 77
08 Jugoslavia Pepel in kri «Dan ljubezni» Slovensk 13 22
09 Storbritannia The Shadows «Let Me Be the One» Engelsk 2 138
10 Malta Renato «Singing This Song» Engelsk 12 32
11 Belgia Ann Christy «Gelukkig zijn» Nederlandsk, engelsk 15 17
12 Israel Shlomo Artzi «At va'ani» (את ואני) Hebraisk 11 40
13 Tyrkia Semiha Yankı «Seninle Bir Dakika» Tyrkisk 19 3
14 Monaco Sophie «Une chanson c'est une lettre» Fransk 13 22
15 Finland Pihasoittajat «Old Man Fiddle» Engelsk 7 74
16 Portugal Duarte Mendes «Madrugada» Portugisisk 16 16
17 Spania Sergio og Estibaliz «Tú volverás» Spansk 10 53
18 Sverige Lasse Berghagen «Jennie, Jennie» Engelsk 8 72
19 Italia Wess og Dori Ghezzi «Era» Italiensk 3 115

Tilbakevendande artistar

[endre | endre wikiteksten]
Artist Land Deltok i Merknadar
Ellen Nikolaysen Noreg 1973 Som del av gruppa Bendik Singers

Poengtavla

[endre | endre wikiteksten]

Tavla er ordna etter røysterekkjefølgja i finalen.[29]

Deltakarland Poenggjevande land Sum Plass
Nederland 8 5 8 10 12 6 8 12 12 3 12 4 10 10 7 12 12 1 152 1
Irland 6 6 4 7 1 6 4 12 1 4 3 10 4 68 9
Frankrike 8 12 3 8 7 2 7 1 7 12 8 8 8 91 4
Tyskland 8 3 4 15 17
Luxembourg 12 10 3 7 3 5 6 5 5 8 6 4 10 84 5
Noreg 2 2 7 11 18
Sveits 7 2 10 6 2 1 5 6 8 7 5 4 2 12 77 6
Jugoslavia 3 4 2 5 1 7 22 13
Storbritannia 4 3 12 10 12 7 8 12 8 10 10 12 7 5 10 5 3 138 2
Malta 1 8 5 2 4 2 7 1 2 32 12
Belgia 5 7 3 2 17 15
Israel 10 1 1 1 1 5 2 1 1 6 3 6 2 40 11
Tyrkia 3 3 19
Monaco 3 4 2 1 2 2 3 5 22 13
Finland 5 12 6 10 12 5 4 8 8 1 3 74 7
Portugal 2 12 2 16 16
Spania 7 5 3 5 4 4 4 3 4 8 6 53 10
Sverige 7 7 8 1 6 7 2 3 8 6 6 6 5 72 8
Italia 6 4 4 3 6 10 10 10 10 6 5 10 1 12 10 7 1 115 3

Kvart land gav 12 poeng til sin favoritt. Under er ei oversyn over alle 12-poengarane som blei gjevne under avrøystinga.

Tal Mottakarland Land som gav 12 poeng
6 Nederland Israel, Malta, Noreg, Spania, Sverige, Storbritannia
4 Storbritannia Frankrike, Luxembourg, Monaco, Jugoslavia
2 Finland Tyskland, Sveits
Frankrike Irland, Portugal
1 Irland Belgia
Italia Finland
Luxembourg Nederland
Portugal Tyrkia
Sveits Italia

Politikk og kulturkritikk

[endre | endre wikiteksten]

Politiske hendingar

[endre | endre wikiteksten]

I likskap med fjoråret var Eurovision Song Contest kobla til fleire politiske hendingar. Hellas trekte seg frå tevlinga i protest mot at Tyrkia skulle delta. Dei to landa var i politisk konflikt med kvarandre etter den tyrkiske invasjonen av Kypros sommaren før.[30] Hellas og Tyrkia veksla på å delta i Eurovision Song Contest åra etter, og det var fyrst i 1978 at dei to landa deltok saman i Eurovision Song Contest.[31]

Etterretningsrapportar peika ut Eurovision Song Contest som eit mogleg mål for terroristgruppa Rote Armee Fraktion og japanske terroristgrupper. Terrorfaren stilte store krav til tryggleiken rundt artistane, arenaen og i Stockholm generelt.[32][33] Særleg var tryggleiksoppbodet strengt rundt den israelske delegasjonen.[34] Arrangementet gjekk for seg utan nokon alvorlege hendingar, men RAF angrep den vesttyske ambassaden i Stockholm ein månad seinare.[35]

Sendinga gjekk ut til land over heile Europa, delar av Asia og delar av Sør-Amerika. Chile var blant landa som skulle overføre sendinga, noko som møtte protestar frå det svenske Teaterförbundet. Bakgrunnen var militærkuppet til Augusto Pinochet i Chile to år tidlegare, og forbundet ville vise sin sympati med sine chilenske kollegaar. Forbundet nekta den svenske representanten, Lasse Berghagen, å stille på scena om sendinga skulle bli overført til Chile. Dette kunne Teaterforbundet gjere, sidan programmet også blei sendt utanfor Det europeiske kringkastingsområdet. Til slutt bøygde Sveriges Radio av, og programmet blei ikkje kringkasta til Chile.[36][37]

Kulturkritikk i Sverige

[endre | endre wikiteksten]

På heimebane i Sverige storma det også kraftig. Den svenske venstresida protesterte heftig mot at Sveriges Radio skulle bruke pengar på eit show som promoterte popkultur og lett underhalding. Protestane utvikla seg til en kulturell rørsle som protesterte mot popkulturen, og striden blei tema i ei rekkje tv-program fram mot finalen.[38] Eit 40-tals organisasjonar innan politikk, musikk og kultur gjekk sammen om å arrangere ein alternativ musikkfestival, Alternativfestivalen, i Stockholm dagane før Eurovision Song Contest 1975.[39] Mens svensk TV1 sende Eurovision, sende TV2 program frå den alternative festivalen. Pressa kunne melde om «borgarkrig» mellom dei to systerkanalane. Blant anna måtte TV2 låne teknisk utstyr frå Finland, fordi TV1 hadde lagt beslag på det meste for å produsere Eurovision Song Contest.[40] Kritikarane kravde at Sverige skulle trekkje seg frå Eurovision Song Contest, og at Sveriges Radio skulle bruke mindre ressursar på popkultur og lett underhalding.[41] Sveriges Radio trekte seg også frå Eurovision Song Contest året etter, hovudsakeleg på grunn av den sterke kritikken. Sverige var tilbake igjen i Eurovision Song Contest i 1977.

Kulturkritikk i Noreg

[endre | endre wikiteksten]
Egil Monn-Iversen var motstandar av Eurovision Song Contest.

I Noreg gjekk fortsatt debatten om NRK skulle delta i Eurovision Song Contest eller ikkje. Komponisten Egil Monn-Iversen meinte tevlinga hadde fjerna seg frå sin grunntanke og hadde i fleire år kjempa for at Noreg skulle trekkje seg. Redaksjonssekretæren i NRK, Sverre Christophersen, var på sin side ein ivrig forkjempar for norsk deltaking og samanlikna Eurovision Song Contest med eit reptilshow: Folk «vil se slangene, men gyser ved synet!».[4] Mona Levin i Aftenposten samla Monn-Iversen og Christophersen til ein diskusjon i november 1974. Her argumenterte Monn-Iversen for at songane måtte bli dømde av profesjonelle musikarar, og ikkje lekfolk. Christophersen parerte med at «Vi må ikke ta Grand Prix så gravalvorlig». Til dette kommenterte Monn-Iversen: «Men tenk så mye fin populærmusikk som kunne fremkommet med en faglig vurdering. Gershwins musikk f.eks. har kvaliteter som alle musikere ville akseptere» – der Christophersen svarte: «Spørsmålet er om Gershwin ville vært god nok til Melodi Grand Prix i 1975!»[4]

Rett før den internasjonale finalen gjekk delar av norsk kulturliv til aksjon mot norsk deltaking. Dei kravde at NRK trekte seg frå tevlinga, siden grand prix-musikken hadde utvikla seg til ein «egen genre i musikk og tekst som ikke har noen naturlig plass i norsk musikkliv».[42] Blant dei mange som hadde signert kampanjen, var organisasjonar som Det Norske Studentersamfund, Norsk jazzforbund, plateselskapet MAI, foreninga NyMusikk og kulturpersonlegdommar som Lillebjørn Nilsen, Finn Ludt, Lars Klevstrand, Erling Nielsen og Synne Skouen.[42] Nok ein gong måtte programsekretær Sverre Christophersen rykkje ut og ta tevlinga i forsvar: «Man kan ikke se bort fra at det faktisk er det mest populære programmet vi sender i året – på godt og vondt (…) Det er uhyre sjelden vi støter på dem som ikke gidder å se.»[43] Christophersen retta også eit spark mot den danske ålmennkringkastaren, DR, som ikkje deltok i Eurovision Song Contest i åra 19671977. Christophersen fortalde at danskane i staden såg svensk og tysk tv når tevlinga gjekk, og la til: «Da er DR ingen god service-institusjon for danske seere.»[4] Men Danmark byrja å sende Eurovision Song Contest på DR igjen frå 1974, og dei deltok igjen frå 1978.

Debatten om norsk deltaking hadde pågått i mange år allereie, og delar av norsk kultur- og musikkliv var kritiske til tevlinga.[44] NRK heldt fast på norsk deltaking og møtte kritikken frå kulturlivet med å innta ein ikkje-kommersiell innstilling til tevlinga utover 1970-åra. I den norske finalen i 1975 blei finalelåtane berre dømde av fagfolk.[45][46]

Dirigentar

[endre | endre wikiteksten]

Mens Mats Olsson var sjefdirigent, hadde dei fleste land med sin eigen dirigent. Under er ei liste over dirigentane til deltakerlanda, lista etter startrekkefølgja.[47]

  1. Nederland – Harry van Hoof
  2. Irland – Colman Pearce
  3. Frankrike – Jean Musy
  4. Tyskland – Rainer Pietsch
  5. Luxembourg – Phil Coulter
  6. Noreg – Carsten Klouman
  7. Sveits – Peter Jacques
  8. Jugoslavia – Mario Rijavec
  9. Storbritannia – Alyn Ainsworth
  10. Malta – Vince Tempera
  11. Belgia – Francis Bay
  12. Israel – Eldad Shrem
  13. Tyrkia – Timur Selçuk
  14. Monaco – André Popp
  15. Finland – Ossi Runne
  16. Portugal – Pedro Osório
  17. Spania – Juan Carlos Calderón
  18. Sverige – Lars Samuelson
  19. Italia – Pier Natale Massara


Kommentatorar og poengopplesarar

[endre | endre wikiteksten]

Poengopplesere

[endre | endre wikiteksten]

Kvart land hadde ein talsperson som annonserte poenga frå den nasjonale jurygruppa på engelsk eller fransk over telefon.[48] Under er talspersonane i same rekkefølgje som under avrøystinga:

  1. Nederland – Dick van Bommel
  2. Irland – Brendan Balfe
  3. Frankrike – Marc Menant
  4. Tyskland – Hans-Joachim Scherbening
  5. Luxembourg – Ukjend
  6. Noreg – Sverre Christophersen
  7. Sveits – Michel Stocker[49]
  8. Jugoslavia – Dragana Marković
  9. Storbritannia – Ray Moore[50]
  10. Malta – Ukjend
  11. Belgia – Ward Bogaert
  12. Israel – Yitzhak Shim'oni[51]
  13. Tyrkia – Bülent Osma
  14. Monaco – Carole Chabrier
  15. Finland – Kaarina Pönniö[52]
  16. Portugal – Ana Zanatti[53]
  17. Spania – José María Íñigo
  18. Sverige – Sven Lindahl[54]
  19. Italia – Anna Maria Gambineri


Kommentatorar og kringkastarar

[endre | endre wikiteksten]

Finalen blei overført til 34 land med eit potensielt publikum på over 500 millionar sjåarar. Dei fleste deltakerlanda hadde kommentatorar som formidla informasjon og hendingar direkte til sjåarane. Oversikt over kommentatorar under Eurovision Song Contest 1975:[55]

Land Kringkastar Kanal Kommentator Kilde
Belgia BRT BRT Nederlandsk: Herman Verelst [56][57][58][59][60]
BRT Radio 1 Ukjend
RTB RTB Fransk: Paule Herreman [56][58][59][61]
Finland Yle TV1 Heikki Seppälä [62][63]
Rinnakkaisohjelma Erkki Melakoski
Frankrike TF1 Georges de Caunes [61][64][65]
Irland RTÉ RTÉ Mike Murphy [66][67]
RTÉ Radio Liam Devally [68][69]
Israel IBA Israelsk fjernsyn Ingen kommentator [70]
Italia Rai Programma Nazionale Silvio Noto [71][72]
Secondo Programma
Jugoslavia JRT TVB 1 Serbisk: Milovan Ilić [73]
TV Koper-Capodistria Italiensk: Ukjend [72]
TVL1 Slovensk: Tomaž Terček [74][75]
TVZ 1 Kroatisk: Oliver Mlakar [73][76]
Luxembourg CLT RTL Télé-Luxembourg Jacques Navadic [61][77]
Malta PBS MTV Norman Hamilton [78][79]
Radio Malta
Monaco Télé Monte-Carlo Brukte Frankrikes kommentator
Nederland NOS Nederland 2 Willem Duys [59][80]
Noreg NRK NRK Fjernsynet John Andreassen [23]
NRK Radio Erik Heyerdahl, sendt i opptak frå 23.00 [24]
Portugal RTP I Programa Júlio Isidro [81][82]
Spania TVE TVE 1 José Luis Uribarri [83][84]
Storbritannia BBC BBC1 Pete Murray [50][85]
BBC Radio 1, BBC Radio 2 Terry Wogan [86][87]
BFBS BFBS Radio Richard Astbury [50]
Sveits SRG SSR TV DRS Tysk: Theodor Haller [74][88]
TSR Fransk: Georges Hardy [65]
RSR 1 Fransk: Robert Burnier [89]
TSI Italiensk: Giovanni Bertini, sendt i opptak 23. mars 1975 [71][90]
Sverige Sveriges Radio TV1 Åke Strömmer [54][62]
SR P3 Ursula Richter
Tyrkia TRT TRT Televizyon Bülend Özveren [74][91]
Tyskland ARD Deutsches Fernsehen Werner Veigel [59][88][92]

Kommentatorar og sendingar i ikkje-deltakande land

[endre | endre wikiteksten]

Ifølge arrangørane blei sendinga overført til 15 ikkje-deltakande land, blant andre fleire austeuropeiske land via Intervision. I tillegg blei sendinga overført i Hongkong, Island, Japan, Jordan og Sør-Korea.[5] Ei planlagt overføring i Chile av TVN blei stogga av Sveriges Radio, etter press frå svenske Teaterförbundet. Bakgrunnen var militærkuppet til Augusto Pinochet i Chile to år tidlegare, og forbundet ville vise sin sympati med sine chilenske kollegaer.[63][93]

Land Kringkastar Kanal Kommentator Kilde
Danmark Danmarks Radio DR TV Per Møller Hansen [94]
Island RÚV Sjónvarpið Dóra Hafsteinsdóttir, sendt i opptak 13. april 1975 [95]
Hellas EIRT EIRT Mako Georgiadou [96][97]
Ungarn MTV MTV1 Ukjend, sendt i opptak 20. april 1975 [98]
Austerrike ORF FS2 Ernst Grissemann [88][99]
  1. Ikkjeraud lenkje som bør gjerast om til vanleg lenkje.
  2. Ikkjeraud lenkje som bør gjerast om til vanleg lenkje.
  3. Ikkjeraud lenkje som bør gjerast om til vanleg lenkje.
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 Levin, Mona (15. november 1974). «Eurovisjon-spleis fra 1976: Grand Prix – Sirkus og reptilshow for 500 millioner seere!». Aftenposten. s. 4. 
  5. 5,0 5,1 5,2 «Recalling Sweden's first staging of the contest in 1975». eurovision.tv (på engelsk). Den europeiske kringkastingsunion. 22. mars 2013. Henta 9. april 2023. 
  6. Ikkjeraud lenkje som bør gjerast om til vanleg lenkje.
  7. 7,0 7,1 «600 millioner følger Grand Prix». Aftenposten. 21. mars 1975. s. 20. 
  8. 8,0 8,1 Thorsen, Øyvind (22. mars 1975). «Innta plassene!». Aftenposten. s. 8. 
  9. 9,0 9,1 Karin Falck (22. mars 1975). «Eurovision Song Contest 1975 – full contest». SR/EBU. Henta 10. april 2023 – via YouTube. 
  10. «Stockholm 1975». eurovision.tv (på engelsk). Den europeiske kringkastingsunion. Henta 10. april 2023. 
  11. «Kveldens vertinne». Aftenposten. 21. mars 1975. s. 20. 
  12. Hallhagen, Erika (13. mai 2013). «Schlagerfesten speglar tiden». SvD.se (på svensk). Arkivert frå originalen den 6. oktober 2022. Henta 10. april 2023. 
  13. «Eurovision 1975 - West Germany - Joy Fleming - Ein Lied kann eine Brücke sein». SR/EBU via YouTube. 22. mars 1975. Henta 27. juli 2017. 
  14. Saunders, Tristram Fane (14. mai 2022). «Eurovision: every single UK entry ranked, from worst to best». The Telegraph (på engelsk). Arkivert frå originalen den 19. januar 2023. Henta 10. april 2023. 
  15. «VG-lista for The Shadows / Let Me Be The One». Norwegian Charts. Henta 10. april 2023. 
  16. «VG-lista for Wess & Dori Chezzi / Era». Norwegian Charts. Henta 10. april 2023. 
  17. «VG-lista for Lasse Berghagen / Jennie, Jennie». Norwegian Charts. Henta 10. april 2023. 
  18. 18,0 18,1 «VG-lista for Teach-In / Ding-a-dong». norwegiancharts.com. Henta 10. april 2023. 
  19. Meiner, Knut (17. januar 1975). «Uten sjanser i Grand Prix i år også?». Verdens Gang. s. 33. 
  20. vito (signatur) (27. januar 1975). «Intet nytt i Grand Prix». Aftenposten. s. 44. 
  21. Kristiansen, Solbjørg (21. februar 1975). «Ellen med skippertakene». Aftenposten. s. 13. 
  22. «Eurovision Song Contest 1975 – poeng til og fra Norge». eurovision.tv. Den europeiske kringkastingsunion. Henta 10. april 2023. 
  23. 23,0 23,1 «Grand Prix». Drammens Tidende og Buskeruds blad. 22. mars 1975. s. 24. 
  24. 24,0 24,1 NRK Radio (22. mars 1975). «[NRK P1 1975.03.22 : programrapport]». urn.nb.no. Nasjonalbiblioteket. s. 45. Henta 27. juli 2017. 
  25. «How Did Eurovision Get The 12 Points System?». Yle/Norfin. 27. januar 2022. Henta 28. mai 2023 – via YouTube. 
  26. «Voting Systems». Eurovision Song Contest Wiki (på engelsk). Henta 16. april 2023. «From 1975 to 1979, the points were read at random according to the performance order of the receiving country. From 1980 onward, the points were read in ascending numerical order to increase the excitement factor for the audience as to which country would get the 12 points» 
  27. «Final of Stockholm 1975 - Eurovision Song Contest». eurovision.tv. Henta 17. september 2022. 
  28. «1975 - Diggiloo Thrush». www.diggiloo.net. Henta 10. april 2023. 
  29. «Eurovision Song Contest 1975 – Scoreboard». eurovision.tv. Arkivert frå originalen 13. mai 2018. Henta 10. april 2023. 
  30. Levy, Glen (16. mai 2009). «Top 10 Eurovision Controversies - TIME». Time (på engelsk). ISSN 0040-781X. Henta 10. april 2023. 
  31. «Eurovision Song Contest 1978». eurovision.tv. Den europeiske kringkastingsunion. Henta 10. april 2023. 
  32. Ekstrøm, Olle (13. mars 1975). «Terroristene ut av Sverige». Aftenposten. s. 12. 
  33. Storeng, Jørn (22. mars 1975). «Melodi Grand Prix: Sikring, men ikke jernring». Arbeiderbladet. s. 1, 16. 
  34. Fagerheim og Jakobsen, Kjersti og Arild (22. mars 1975). «Isolert i terror-frykt». Verdens Gang. s. 8. 
  35. «1975: Baader-Meinhof blow up embassy». BBC News (på engelsk) (British Broadcasting Corporation). 24. april 1975. Henta 16. april 2023. 
  36. «Grand Prix boikotter Chiles TV». Arbeiderbladet. 22. mars 1975. s. 1. 
  37. Frances Robinson (5. mai 2015). «Geopolitics of Eurovision: Chile Edition». Brussels Blog. Wall Street Journal. Arkivert frå originalen 28. januar 2021. Henta 10. april 2023. 
  38. «Alternativ musikkfestival til debatt i svensk TV 2». Arbeiderbladet. 20. mars 1975. s. 31. 
  39. Storeng, Jørn (21. mars 1975). «– Grand Prix er en messe der profitt-folk bytter varer». Arbeiderbladet. s. 23. 
  40. «Grand Prix skaper TV-'borgerkrig'». Aftenposten. 18. februar 1975. s. 4. 
  41. «Sverige skal arrangere Melodi Grand Prix neste år: Waterloo for "meningsfylt jammer"». Verdens Gang. 20. oktober 1974. 
  42. 42,0 42,1 Fagerheim, Kjersti (12. mars 1975). «Ny aksjon mot deltakelse i Melodie Grand Prix». Verdens Gang. s. 35. 
  43. Fagerheim, Kjersti (12. mars 1975). «Ny GP-situasjon fra 1976». Verdens Gang. s. 35. 
  44. Jostein Pedersen (23. mai 2006). «Absolutt Grand Prix, Volum 1». Ballade.no. Arkivert frå originalen 30. januar 2023. Henta 10. april 2023. «På denne tiden var Grand Prixs popularitet på nullpunktet, særlig i musikerkretser. Etter EEC/EF-kampen vokste radikaliseringen og venstresidens aktive kulturliv dominerte. I flere land var det demonstrasjoner mot GP-sirkuset og den multikapitalistiske musikkindustrien.» 
  45. «Melodi Grand Prix 1975 – norsk finale». Norsk rikskringkasting. 25. januar 1975. Henta 12. desember 2016. «Programleder Bergljot Engeset: "Når det gjelder selve arrangementet Melodi Grand Prix, så kan man vel ikke si det har skjedd særlig store forandringer i løpet av de 15 årene Norge har deltatt. Og vi, ja, vi kommer vel også denne gang til å holde oss til det tradisjonelle mønsteret. Men vi har lyst til å minne om at det tross alt er melodien, teksten og musikken som er viktig i dette storstilte arrangementet. Og vi får håpe at de som er med på å stemme, ikke lar seg påvirke for mye av innpakningen her i studio."» 
  46. «Melodi Grand Prix 1979 – norsk finale». Norsk rikskringkasting. 10. februar 1979. Henta 12. desember 2016. «Programleder Egil Teige: "Det er lydbildet vi satser på i Grand Prix, så det er betraktelig mindre glitter og stas enn vanligvis altså, men det skulle vel ikke ha noe betyding for det musikalske utbyttet?"» 
  47. «And the conductor is …». And the Conductor Is. Henta 23. april 2017. 
  48. «How the Eurovision Song Contest works | Eurovision Song Contest». eurovision.tv (på engelsk). 18. mai 2019. Arkivert frå originalen 31. mai 2022. Henta 4. oktober 2022. 
  49. Baumann, Peter Ramón (OGAE Switzerland)
  50. 50,0 50,1 50,2 Roxburgh, Gordon (2014). Songs for Europe: The United Kingdom at the Eurovision Song Contest. Volume Two: The 1970s. Prestatyn: Telos Publishing. s. 180–194. ISBN 978-1-84583-093-9. 
  51. «פורום אירוויזיון» (på hebraisk). Sf.tapuz.co.il. 13. september 1999. Arkivert frå originalen 8. oktober 2011. Henta 10. august 2012.  «Arkivert kopi». Arkivert frå originalen 8. oktober 2011. Henta 27. juli 2017. 
  52. «Selostajat ja taustalaulajat läpi vuosien? • Viisukuppila». Viisukuppila.fi. Henta 10. august 2012. 
  53. «Comentadores Do ESC – escportugalforum.pt.vu | o forum eurovisivo português» (på portugisisk). 21595.activeboard.com. Arkivert frå originalen 21. april 2012. Henta 10. august 2012.  More than one of |tittel= og |title= specified (hjelp); More than one of |arkivdato= og |archivedate= specified (hjelp); More than one of |arkivurl= og |archiveurl= specified (hjelp); More than one of |besøksdato= og |accessdate= specified (hjelp) «Arkivert kopi». Arkivert frå originalen 21. april 2012. Henta 27. juli 2017. 
  54. 54,0 54,1 Thorsson, Leif; Verhage, Martin (2006). Melodifestivalen genom tiderna : de svenska uttagningarna och internationella finalerna. Premium Publishing. s. 118–119. ISBN 91-89136-29-2. 
  55. «The Eurovision Song Contest (1975)». imdb.com. Henta 24. juli 2017. 
  56. 56,0 56,1 «Eurovision 1975 Belgium: Ann Christy - "Gelukkig Zijn"». Eurovisionworld (på engelsk). Henta 10. april 2023. 
  57. Adriaens, Manu & Loeckx-Van Cauwenberge, Joken. Blijven kiken!. Lannoo, Belgium. 2003 ISBN 90-209-5274-9
  58. 58,0 58,1 «T.V. Programma's». De Voorpost (på nederlandsk). 21. mars 1975. s. 5. 
  59. 59,0 59,1 59,2 59,3 «Radio en televisie dit weekend». Limburgsch Dagblad (på nederlandsk). 22. mars 1975. s. 7. 
  60. «Radio en TV-programma's». De Waarheid (Delpher). 22. mars 1975. s. 6. 
  61. 61,0 61,1 61,2 «Télé-programmes – samedi 22 mars». Luxemburger Wort (på fransk og tysk). viewer.eluxemburgensia.lu. 21. mars 1975. Henta 8. januar 2023. 
  62. 62,0 62,1 «Radio ja TV». Helsingin Sanomat (på finsk). 22. mars 1975. s. 41. Henta 23. desember 2022. (krev abonnement (help)). 
  63. 63,0 63,1 «Viulu-ukko loppusuoralla». Helsingin Sanomat (på finsk). 22. mars 1975. s. 41. Henta 23. desember 2022. (krev abonnement (help)). 
  64. «1975 – Stockholm (Suède)». songcontest.free.fr. Henta 10. april 2023. 
  65. 65,0 65,1 «TV – samedi 22 mars». Radio TV – Je vois tout (på fransk). Scriptorium Digital Library. 20. mars 1975. s. 14–15. Henta 10. april 2023. 
  66. «Television Today». The Irish Times. 22. mars 1975. s. 20. Henta 22. desember 2022. (krev abonnement (help)). 
  67. «Celebrities and public figures launch Irish campaign to boycott Eurovision 2019 in Israel». BDS Movement (på engelsk). 30. juli 2018. Arkivert frå originalen 22. februar 2019. Henta 6. april 2023. 
  68. «Radio Today». The Irish Times. 22. mars 1975. s. 20. Henta 22. desember 2022. (krev abonnement (help)). 
  69. «Broadcaster and judge who became a household name». The Irish Times (på engelsk). 12. mai 2012. Henta 10. april 2023. 
  70. «(Radio ∗ Televizia) רדיו ∗ טלוויזיה». Maariv (Israels nasjonalbibliotek). 21. mars 1975. s. 100. 
  71. 71,0 71,1 «Eurovision Song Contest 1975» (på italiensk). Eurofestivalnews. 12. september 2016. Henta 10. april 2023. 
  72. 72,0 72,1 «Alla TV». La Stampa. 22. mars 1975. s. 6. Henta 10. april 2023. 
  73. 73,0 73,1 «Eurovision 1975 Yugoslavia: Pepel In Kri - "Dan Ljubezni"». Eurovisionworld (på engelsk). Henta 16. april 2023. 
  74. 74,0 74,1 74,2 Carter, Ford (20. mai 2021). «The Longest-Serving Eurovision Commentators». aussievision (på engelsk). Henta 10. april 2023. 
  75. «Televizija – sobota 22. marca» (PDF). Glas. 21. mars 1975. s. 11. Arkivert (PDF) frå originalen den 9. januar 2023. 
  76. «TV Program – JRT». Slobodna Dalmacija. 22. mars 1975. s. 14. Henta 10. april 2023. 
  77. Dievort, Charles Van. «Jacques Navadic, un des pionniers de RTL, est décédé». La Libre.be (på fransk). Henta 7. april 2023. 
  78. «Sound and Vision». Times of Malta. 22. mars 1975. s. 6. 
  79. Barry, Fred (22. mars 1975). «Eurovision Song Contest Today». Times of Malta. s. 12. 
  80. «Wie wint vanavond?». Het Vrije Volk (Delpher). 22. mars 1975. s. 9. 
  81. «Televisão – Hoje». Diário de Lisboa. casacomum.org. 22. mars 1975. s. 5. Henta 10. april 2023. 
  82. «Comentadores Do ESC – escportugalforum.pt.vu | o forum eurovisivo português». 21595.activeboard.com. Arkivert frå originalen 21. april 2012. Henta 10. august 2012.  More than one of |tittel= og |title= specified (hjelp); More than one of |arkivdato= og |archivedate= specified (hjelp); More than one of |arkivurl= og |archiveurl= specified (hjelp); More than one of |besøksdato= og |accessdate= specified (hjelp) «Arkivert kopi». Arkivert frå originalen 21. april 2012. Henta 27. juli 2017. 
  83. LOS40 (28. mars 2018). «Todos los comentaristas de la historia de España en Eurovisión (y una única mujer en solitario)». LOS40 (på spansk). Henta 15. januar 2023. 
  84. «Programas de Radio y T.V.». La Vanguardia (på spansk). Hemeroteca – La Vanguardia. 22. mars 1975. s. 65. Henta 9. januar 2023. 
  85. «Eurovision Song Contest 1975 – BBC1». Radio Times. BBC Genome Project. 22. mars 1975. Henta 10. april 2023. 
  86. «Eurovision Song Contest 1975 – BBC Radio 2». Radio Times. genome.ch.bbc.co.uk. 22. mars 1975. Henta 10. april 2023. 
  87. «Schedule – BBC Radio 1 – 22 March 1975». Radio Times. genome.ch.bbc.co.uk. 22. mars 1975. Henta 10. april 2023. 
  88. 88,0 88,1 88,2 «Fernsehen – Samstag». Neue Zürcher Zeitung (e-newspaperarchives.ch). 22. mars 1975. s. 39. Henta 10. april 2023. 
  89. «Radio – samedi 22 mars». Radio TV – Je vois tout (på fransk). Héliographia SA. 20. mars 1975. s. 71. Henta 10. april 2023 – via Scriptorium. 
  90. «Televisione». Gazzetta Ticinese (på italiensk). Sistema bibliotecario ticinese. 22. mars 1975. s. 11. Henta 10. april 2023. 
  91. «Televizyon». Cumhuriyet. 22. mars 1975. s. 6. Arkivert frå originalen 9. januar 2023. Henta 10. april 2023. 
  92. «Eurovision Song Contest 1975». www.ecgermany.de. Henta 10. april 2023. 
  93. van Dijk, Ale (22. mars 1975). «Zweedse tv: geen beelden van songfestival naar Chili». Het vrije volk (Delpher). s. 1. 
  94. «Programoversigt». www.larm.fm. LARM. Henta 10. april 2023. «21.00 [FJ Melodi Grand Prix Transmission fra Stockholm af finalen i Eurovisionens sangkonkurrence. Ved mikrofonen: Per Møller Hansen. (Eurovision fra Sverige)» 
  95. «Sjónvarp um helgina». Þjóðviljinn (Timarit.is). 13. april 1975. s. 18. 
  96. «Η Μακώ Γεωργιάδου και η EUROVISION (1970–1986)». Retromaniax.gr. Arkivert frå originalen |archive-url= requires |archive-date= (hjelp). Henta 10. august 2012. 
  97. «Eurovision 2020: Γιώργος Καπουτζίδης -Μαρία Κοζάκου στον σχολιασμό του διαγωνισμού για την ΕΡΤ». Matrix24 (på gresk). 12. februar 2020. Arkivert frå originalen 14. februar 2020. Henta 7. februar 2023. 
  98. «TV – vasárnap április 20». Rádió- és Televízió-újság (på ungarsk). MTVA Archívum. 14. april 1975. s. 22. Arkivert frå originalen 8. januar 2023. Henta 10. april 2023. 
  99. Halbhuber, Axel (22. mai 2015). «Ein virtueller Disput der ESC-Kommentatoren». kurier.at (på tysk). Kurier. Arkivert frå originalen 23. mai 2015. Henta 15. januar 2023.