Folke Bernadotte
Folke Bernadotte | |
Statsborgarskap | Sverige |
Fødd | 2. januar 1895 Stockholm, Skeppsholms församling |
Død |
17. september 1948 (53 år) |
Yrke | politikar, diplomat, militær |
Språk | svensk, engelsk, tysk |
Religion | Den evangelisk-lutherske kyrkja |
Far | Oscar Bernadotte |
Mor | Ebba Bernadotte |
Ektefelle | Estelle Ekstrand |
Folke Bernadotte på Commons |
Folke Bernadotte af Wisborg (2. januar 1895–17. september 1948) var ein svensk greve, ein av leiarane av den svenske Raudekrossen og diplomat.
I Noreg er han mest kjend for arbeidet med organiseringa av Dei kvite bussane, som førte til at mange norske og danske fangar i nazi-tyske konsentrasjonsleirar vart frigitt.
Han vart utnemnd til FN sin hovudmeklar i Palestina i 1948, blant anna klarte han å få til ein våpenkvile mellom Israel og dei arabiske landa. Under oppdrag i Jerusalem vart han 17. september 1948 myrda av ei jødisk terroristgruppe, Lehi («Stern-gjengen»).
Det var tre leiande menn i denne gruppa som hadde godkjent mordet: Den seinare statsministeren i Israel Yitzhak Shamir, Natan Yellin-Mor, og Yisrael Eldad, og det vart planlagt av operativ leiar for Lehi i Jerusalem, Yehoshua Zetler. Zetler døydde i Israel i 2009, 92 år gamal.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Folke Bernadotte» frå Wikipedia på bokmål, og «Folke Bernadotte» frå Wikipedia på engelsk den 21. mai 2009.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |