Florence Grove
Utsjånad
Florence Grove | |
Statsborgarskap | Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland |
Fødd | 1838 |
Død |
1902 (64 år) |
Yrke | fjellklatrer |
Far | William Robert Grove |
Florence Grove på Commons |
Florence Crauford Grove (1838–1902) var ein engelsk fjellklatrar og forfattar.
Grove vart ein erfaren fjellklivar sist i 1850-åra. Han vart medlem av Alpine Club kort etter foreininga vart skipa i 1857, seinare var han formann frå 1884 til 1886.[1] Han var ein av dei beste britiske klatrarane i samtida, og vert hugsa for i 1870-åra å vere imot klatrng utan førar. Åra 1863-64 var han den fyrste på tre av stortoppane i Alpane, og ti år seinare leia han ekspedisjonen som vart den fyrste på toppen av det høgste fjellet i Europa; Elbrus.
Fyrstebestigingar
[endre | endre wikiteksten]- Dent d'Hérens - 12. august 1863, saman med Reginald S. Macdonald, Montagu Woodmass, William Edward Hall og fjellførarane Melchior Anderegg og Peter Perren
- Parrotspitze - 16. august 1863, saman med Reginald S. Macdonald, Montagu Woodmass, William Edward Hall, Melchior Anderegg og Peter Perren
- Zinalrothorn - 22. august 1864, saman med Leslie Stephen og fjellførarane Jakob Anderegg og Melchior Anderegg
- Vesttoppen av Elbrus - 1874, saman med Frederick Gardner, Horace Walker, Peter Knubel og fjellføraren Ahiya Sottajev.[2]