Hopp til innhald

Kanonball

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kanonball

Kanonball eller stikkball er ein lagsport som er vanleg i gymundervisinga. Reglane finst i mange ulike variantar. I USA er spelet kjent som dodgeball, og International Dodgeball Federation er eit forbund som har standardisert reglane for den amerikanske varianten av spelet.

Norsk kanonball skil seg frå dodgeball ved at spelarane som blir trefte må i «fengsel» bak motspelaren sin banehalvdel. Internasjonalt er denne varianten kjend under fleire namn, som prisonball[1] og nationball.

Norsk skulevariant

[endre | endre wikiteksten]

Sidan det finst fleire variantar er ikkje dette noko komplett regeloversyn for kanonball, men ei rettleiing til dei grunnleggjande sidene ved spelet.

Talet på spelarar er ikkje fastsett, men ein bør vera minimun fire fordelt på to lag. Kvart lag vel ein konge som står i ei frisone bak motsett lag under heile spelet. Alternativt er kongen den førte eller siste spelaren som vert tatt.

Ein treng ein ball i mjukt material, med storleik mellom ein handball og ein fotball.

Speleområde

[endre | endre wikiteksten]
Figur som syner oppdelinga av banen i område for raudt og blått lag. Dette er ei grunnleggjande oppdeling.
Figur med alterntiv baneoppdeling, kjent under fleire namn som t.d. German prisonball

Speleområdet er normalt heile gymsalen. Banen er delt opp i fire delar på tvers av lengderetninga og normalt symmetrisk om midtlinja slik at dei to midterste delane får mest plass. I nokre tilfelle kan læraren, som ofte er dommar, flytte grensene for å jamne ut oddsen. I utgangspunktet står laga på kvar si side av midtstreken og kongane står i det vesle området i motsett ende av banen. Ein spelar må alltid stå i riktig område, og det kan vere juks å strekkje seg etter ballar i område ein ikkje høyrer til i. Banen er ofte oppdelt med gymbenkar.

Ein kastar ballen tilfeldig ut på banen i det spelet byrjar. Ein annan variant er at ein lèt ballen liggje på midtlina i det spelet byrjar, slik at spelarane må løpe for å hente ballen fyrst. Spelet går ut på å stikke motspelarane, altså å treffa dei med ballen. Dersom ballen treffer bakken før han treffer ein spelar, er ballen daud, og spelaren vart ikkje stukken. Dersom den som vert kasta på, greier å ta imot ballen, vert den som kasta stukken i staden. Vanlegvis tel ikkje ballar som treffer hovudet (hovudstikk). Spelaren må flytte seg dit kongen står når han vert stukken. Dersom ein spelar i området til kongen stikk ein motspelar, får spelaren gå attende til midtområdet. Når alle så nær som kongen på eit lag er stukne, skal kongen spele i det store området til sitt lag. Kongen har i utgangspunktet tre liv, og mister eitt kvar gong han vert stukken. Eit lag tapar dersom kongen mister alle liva.

  1. «Prison Ball» (på engelsk). Henta 26. juni 2024.