Kari Svendsen
Kari Svendsen | |
Kari Svendsen i 2016 Foto: Tore Sætre
| |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 5. september 1950 (74 år) Oslo |
Yrke | skodespelar, visesanger, banjospelar, gitarist, plateartist |
Medlem av | På stengrunn, Gatesangerne |
Ektefelle | Lillebjørn Nilsen |
Kari Svendsen (fødd 5. september 1950 i Oslo), ofte omtalt som «Banjo-Kari», er ein norsk artist, visesongar, gitarist og banjospelar.
Kari Svendsen starta den musikalske karrieren sin i 1966. Ho vart først kjent som medlem av gruppa Christiania Fusel & Blaagress, men opptredde frå 1970-talet som soloartist og etter kvart i fleire revyar. Ho er kjent for å halda dei norske revyvisene i hevd, særleg dei av det munnrappe slaga. Ho går Arvid Nilssens snøggleik ein høg gong i versjonen sin av «Bare døtt på!», Finn Bøe og Bias Bernhoft si vise om ein trikkekonduktør. Ho fekk Gammleng-prisen i klassa vise i 1994. Gammleng-prisen fekk ho på ny i 2021. Ho spelte rolla som ein jovial vaktmester i ungdomsserien Borgen skole på NRK TV.
Kari Svendsen var tidlegare gift med artisten Lillebjørn Nilsen. I 2011 vart ho tildelt St. Hallvard-medaljen for den eineståande posisjonen sin som visesongar i Oslo.
Diskografi
[endre | endre wikiteksten]Soloalbum
[endre | endre wikiteksten]- 1973: På stengrunn
- 1978: Kari Svendsen (album) (solo)
- 1982: Solskinn og sang
- 1991: Kari går til filmen
- singlar
- Grannie / Nightingale (1967), med The Young Norwegians
- S.O.S. Filipstad (1993)
Gatesangerne
[endre | endre wikiteksten]- Gatesangerne (1994)
- Oslo-viser (2000)
Christiania Fusel & Blaagress
[endre | endre wikiteksten]- Mamma vi'kke ha/Det kjem nok betre tider (1968)
Andre deltakingar
[endre | endre wikiteksten]- The Young Norwegians: Things On Our Mind (1967)
- Øystein Sunde: 1001 fnatt (1970)
- Lillebjørn Nilsen: Tilbake (1971)
- Convivium: Convivium (1971)
- Diverse: Viser i trengsel (1972)
- Knutsen & Ludvigsen: Brunost no igjæn? (1972)
- Diverse: Norsk på topp 3 (1974)
- Lillebjørn Nilsen: ...og Fia hadde sko (1974)
- Lillebjørn Nilsen: Byen med det store hjertet (1976)
- Lillebjørn Nilsen: Hei fara! Norske folkeviser (1976)
- Vandrerne: Vandrerne (1979)
- Diverse: Kvinnekulturfestivalen '79. Kalvøyakonserten (1979)
- Trygve Hoff: Fokti (1980)
- Aage Samuelsen: Hva kan vel jeg for det? (1982)
- Brødrene Dal: Spektralplate (1982)
- Lillian Askeland & Ottar Johansen: Rett fra hjertet (1982)
- 3 Busserulls: Oljefeber (1983)
- Diverse: Viser i vinden (1984)
- Steinar Ofsdal: Hat Trick (1984)
- Diverse: Viser i vinden: Nordens beste artister (1987)
- Gustav Lorentzen: 1. klasse (1992)
- Trygve Hoff: Lån mæ no'n tima (1993)
- Lillebjørn Nilsen: Haba Haba (1995)
- Dusty Cowshit: Østenfor Soon, Western for Råde (1996)
- Diverse: Knut Gribb – En vals med "Den grønne redsel" – og 2 andre hørespill (2003)
- Diverse: En annen dans (2004)
- Diverse: Norsk visesang i 50 år (2008)
- Åge Aleksandersen og Mikael Wiehe: To Stemmer – 14 Akustiske Sanger & Konsertfilm (2008)
- John Ivar Bye: Intakt (2009)
- Diverse: Norske ballader (2010)
- Revolver: Milevis (2013)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Kari Svendsen» frå Wikipedia på bokmål, den 5. februar 2016. Artikkelen oppgav desse kjeldene:
- «Svendsen, Kari» i Norsk pop- og rockleksikon, 2005.