Hornindal kommune
Hornindal kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Sogn og Fjordane | ||
Adm.senter | Grodås | ||
Areal | 192 km² | ||
• land | 179 km² | ||
• vatn | 13 km² | ||
Målform | nynorsk | ||
Ordførar | Stig Olav Lødemel (H) | ||
Kommunenr. | 1444 | ||
Hornindal 61°59′55″N 6°35′03″E / 61.998611111111°N 6.5841666666667°E | |||
Kart som viser Hornindal kommune.
| |||
Wikimedia Commons: Hornindal | |||
Nettstad: www.hornindal.kommune.no |
Hornindal er ein tidlegare norsk kommune i Sogn og Fjordane fylke som eksisterte frå 1867 til 1964 og frå 1977 til 2020. Området hadde om lag 1200 innbyggarar. Kommunesenteret var Grodås. I Hornindal ligg den djupaste innsjøen i Europa, Hornindalsvatnet.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Frå 1837 var Hornindalen del av formannskapsdistriktet for Eid.[1] Hornindal var ein sjølvstendig kommune frå 1867 til 1964, då han vart slått saman med Stryn.
I 1965 vart kommunen delt. Størstedelen vart slått saman med Stryn kommune og ein annan del vart slått saman med Eid kommune. I 1977 vart den delen som hadde vore del av Stryn, skilt ut att som eigen kommune. Då kommunen vart gjenoppretta, var han den minste kommunen i Sogn og Fjordane etter folketal, men i 1979 passerte han Solund kommune i folketal, og har sidan då vore den nest minste kommunen i fylket.
30. juni 2016 vedtok kommunestyret at det ønskte å slå seg saman med Volda kommune. Volda fatta eit tilsvarande vedtak, og det vart gjort eit endeleg vedtak av Kongen i statsråd hausten 2017. Hornindal og Volda kommune gjekk saman i nye Volda kommune frå 1. januar 2020, og Hornindal vart del av Møre og Romsdal.[2]
Kjende personar frå Hornindal kommune
[endre | endre wikiteksten]- Ole N. Lødøen (1861-1932), lærar
- Brita Lund (1886–1966), kunstnar
- Paul O. Tomasgard (f. 1941), lærar, lokalhistorikar, forfattar
- Oline Løvlid, (f.1950), folkemusikar
- Frode Grodås, (f.1964), fotball-målvakt
- Unni Løvlid, (f. 1975), folkemusikar
- Anders Fannemel (f. 1991), skihoppar
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Lillestøl, Karl (1937). Hornindal herad gjenom hundrad år, 1837-1937. [s.n.
- ↑ «Kommunereforma blei vedteken i Stortinget». 9. juni 2017. Arkivert frå originalen 19. april 2018. Henta 19. april 2018.