Harnish Creek
Harnish Creek | |||
elv | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Victoria Land | ||
- koordinatar | 77°37′S 163°14′E / 77.617°S 163.233°E | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Harnish Creek 77°37′00″S 163°13′59″E / 77.6167°S 163.233°E | |||
Harnish Creek er ei elv av smeltevatn, 5,5 km lang, som flyt nord frå ein namnlaus isbre aust for Crescentbreen og ut i den austlege delen av Lake Fryxell i Taylor Valley i Victoria Land i Antarktis. Namnet vart foreslått av hydrologen Diane McKnight, leiaren for ei gruppe frå US Geological Survey (USGS) som gjorde omfattande studiar av hydrolog og geokjemi i området kring Lake Fryxell, 1987–94. Elva er kalla opp etter hydrologen Richard A. Harnish, som var medlem av feltgruppa i sesongane 1988–89 og 1990–91. Den siste sesongen assisterte han i opprettinga av målestasjonar i elvane som flyt ut i Lake Fryxell.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Harnish Creek». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 20. november 2012.
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Harnish Creek» (innhald frå Geographic Names Information System).