Ingar
Utsjånad
Ingar, Ingard eller Inggard er eit norsk mannsnamn, laga av det norrøne norrøne gudenamnet Ing og det urnordiske suffikset -waz, eller nok -aR[1], -gaR, -gjaR, og -gard, -gård og meir — som vil seie «dediserte til», herav dediserte til guden Ing. Namnet Ingar kunne òg bety vakta av guden Ing.[2]
Namnet vert oftast skrive utan –d, etter mønster av mange andre namn på -ar, som til dømes «Steinar».
I tidlegare tider var Ingar i Noreg bruka som eit kvinnenamn, som nå i Sverige.
Ingar har i Noreg namnedag 22. desember.
Bruken av namnet i Noreg
[endre | endre wikiteksten]Ifølgje Statistisk sentralbyrå har namnet Ingar vore bruka i 1940- og 1950-talet.
- I folketeljinga frå 1801 var det to kvinner som hadde namnet Ingar, begge i Hamre i Hordaland
- I 1900 var det 196 personar som var listeførte med namneformene Ingar, Ingard, Ingardius, Ingart, Ingarth, Inggard, Inghard, Inghardt, Inghart, Ingjard, Ingård
- I 2009 var det 1949 menn som heitte Ingar, 73 som heitte Ingard og 9 som heitte Inggard som første eller einaste fornamn.
Kjende namneberarar
[endre | endre wikiteksten]- Ingar Nielsen (1885-1963), norsk seglar
- Inggard Rosseland (1914-1994), norsk kunstnar
- Ingar Skrede (1939-1996), norsk forfattar
- Inggard Lereim (f. 1941), norsk lækjar
- Ingar Sletten Kolloen (f. 1951), norsk forfattar, redaktør og journalist
- Ingar Helge Gimle (f. 1956), norsk skodespelar
- Ingar Dragset(f. 1959), norsk kunsntnar
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Olav Veka: Namneboka, Det Norske Samlaget 1991
- Norske navn
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Søk etter norsk namnestatistikk for Ingar hjå Statistisk Sentralbyrå
- Folketeljingar i Digitalarkivet
- Statistisk sentralbyrå: Namn, namnestatistikk og namnesøk