Ingebjørg Godskesen
Ingebjørg Godskesen | |||
| |||
Fødd | 26. mai 1957 (67 år) Kristiansand kommune | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Framstegspartiet (2000; 20. juni 2017), partilaus (20. juni 2017; 31. oktober 2017), Pensjonistpartiet (31. oktober 2017) | ||
Yrke | politikar | ||
Institusjonar | Noregs Statsbanar | ||
Alle verv |
|
Ingebjørg Amanda Godskesen (fødd 26. mai 1957 i Kristiansand) er ein norsk politikar frå Framstegspartiet. Ho vart vald inn på Stortinget for Aust-Agder fylke i 2009, då ho var 1. kandidat for Aust-Agder Framstegsparti. Godskesen sat i Arendal bystyre frå 2003 til 2009, og var medlem av planutvalet og formannskapet, i tillegg til miljø-, kultur- og næringskomiteen i kommunen. Ho har også vore fylkesstyremedlem i KS Agder.
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Godskesen har fagbrev innan økonomi frå Økonomisk Gymnas fra 1977, og har fullført studium i data og internett frå Universitetet i Agder frå 1978. Ho jobba innan administrasjon og kontor i NSB frå 1977 til 1986, då ho starta firmaet ABC-Text Økonomi. Ho gjekk over til å vere salskonsulent for Dagligvareservice i 1995. Frå 2003 var ho tilsett på heiltid som distriktssekretær i Framstegspartiet, og vart som regionsekretær i 2007.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Ingebjørg Amanda Godskesen hjå Stortinget
- Ingebjørg Amanda Godskesen Arkivert 2016-03-10 ved Wayback Machine. hjå Fremskrittspartiet
- Ingebjørg Amanda Godskesen hjå TV 2
- Offisiell nettside Arkivert 2009-08-20 ved Wayback Machine.