Olve Grotle
Utsjånad
Olve Grotle | |||
| |||
Fødd | 17. februar 1964 (60 år) Bremanger kommune | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Høgre | ||
Yrke | politikar, advokat | ||
Utdanna ved | Universitetet i Bergen | ||
Alle verv |
|
Olve Grotle (fødd 17. februar 1964) er ein norsk jurist og politikar frå Bremanger. Sidan 2021 har han representert valkrinsen Sogn og Fjordane og partiet Høgre på Stortinget.
Grotle vart i 1989 cand.jur. med kommunalrett som spesialfag ved Universitetet i Bergen. Han var tilsett i Advokatfirmaet Harris i 1990-93 og 1995-2003. 1993 og 1994 var han dommarfullmektig ved Sunnfjord sorenskriveri. I tida 2003 til 2011 var han privatpraktiserande advokat i Førde.
Grotle var medlem i Førde bystyre frå 2003, ordførar frå 2011. Etter kommunevalet 2019 vart han vald til ordførar i den nye kommunen Sunnfjord kommune. Hausten 2021 kom han inn på Stortinget, som representant for Høgre. Han vart plassert i Næringskomitéen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Grotle, Olve (1964-) ved stortinget.no
- Denne artikkelen bygger på «Olve Grotle» frå Wikipedia på bokmål, den 20. august 2023.