Oziorsk i Tsjeljabinsk oblast
- For byen med same namn i Kaliningrad oblast sjå Oziorsk i Kaliningrad oblast.
Oziorsk Озёрск | |||||
---|---|---|---|---|---|
| |||||
Plassering | |||||
Styresmakter | |||||
Land | Russland | ||||
Føderasjonssubjekt | Tsjeljabinsk oblast | ||||
Grunnlagd Bystatus |
1945 1954 | ||||
Borgarmeister | Sergei Tsjernysjev | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd - By |
657,32 km² | ||||
Innbyggjarar - Totalt (2007) - folketettleik |
87 200 132,7 /km² | ||||
Koordinatar | 55°45′N 60°43′E / 55.750°N 60.717°E | ||||
Høgd over havet | 240 moh. | ||||
Tidssone - Ved sommartid |
YEKT(UTC+5) YEKST (UTC+6) | ||||
Diverse annan informasjon | |||||
Postnummer | 456780–456790 | ||||
Retningsnummer (tlf) | (+7)35130 | ||||
Nettstad: [http://[adm.ozersk.ru adm.ozersk.ru] [adm.ozersk.ru adm.ozersk.ru]] |
Oziorsk (russisk Озёрск) er ein lukka by i Tsjeljabinsk oblast i Russland med om lag 85 000 innbyggjarar. Han vart grunnlagt ved breidda av innsjøen Irtjasj i 1945. I starten var han kjend som Tsjeljabinsk-40, og fram til 1994 som Tsjeljabinsk-65 (tala er dei siste sifra i postnummeret og namnet er den næraste større byen. Det var ein vanleg praksis for å namngje lukka byar). I 1994 fekk busetnaden bystatus og vart omdøypt til Oziorsk.
Økonomi
[endre | endre wikiteksten]Oziorsk var og er framleis ein lukka by på grunn av nærleiken til Majak-fabrikken, ei av kjeldene til sovjetisk plutonium under den kalde krigen og no ein russisk installasjon for prosessering av radioaktivt avfall og resirkulering av kjernefysisk materiale frå destruerte atomvåpen.
Sjølve fabrikken dekker eit område på rundt 90 km² og har om lag 30 200 tilsette. Majak driv primært med reprosessering av brukt kjernefysisk drivstoff frå atomdrivne ubåtar og isbrytarar og frå atomkraftverk. Kommersielt produserer fabrikken kobolt-60, iridium-192, karbon-14 og etablerer konverteringsproduksjon ved bruk av strålingsteknologi og avfallsfrie teknologiar.
Våpenskjoldet til byen viser ein eldfarga salamander som representerer den økologiske situasjonen etter ei ulukke i 1957.
Ei anna større bedrift er Sør-Ural Konstruksjonavdeling (russisk: ЗАО "Южноуральское управление строительства"). Dei driv med byggeverksemd for atomindustrien, produksjon av betongkonstruksjonar og byggematerial.
Hovudprodukta til Fabrikk nr.2 for kabelprodukt (russisk: ЗАО "Завод электромонтажных изделий №2") er svaksstraumsprodukt for militært-industrielle formål.
Ulukka i 1957
[endre | endre wikiteksten]Majak var åstad for ei større atomulukke i 1957, som medførte alvorleg radioaktiv forureining i Oziorsk og området rundt byen. Hovudvegen frå Tsjeljabinsk til Jekaterinburg går gjennom den radioaktive sonen etter ulukka. Når du reiser med buss, er vegskiltet som viser vegen ned ein sideveg til landsbyen Kysjtym det einaste teiknet på at du er der.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Informasjonsportal for Oziorsk (russisk)
- Oziorsks nettstad Arkivert 2007-06-09 ved Wayback Machine. (russisk)
- Ein artikkel om Oziorsk og Majak på Uralpress.ru Arkivert 2005-12-21 ved Wayback Machine. (engelsk)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Oziorsk i Tsjeljabinsk oblast» frå Wikipedia på bokmål, den 8. januar 2009.