Morris West
Utsjånad
Morris West | |
Statsborgarskap | Australia |
Fødd | 26. april 1916 St. Kilda |
Død |
9. oktober 1999 (83 år) |
Yrke | skribent, romanforfattar |
Språk | engelsk |
Religion | katolisisme |
Morris West på Commons |
Morris L. West eller Morris Langlo West (26. april 1916–9. oktober 1999) var ein australsk forfattar.
Han tenestegjorde i hæren under Stillehavskrigen, og var 1945–1954 leiar for eit av dei største radioreklamebyråa i Australia. Han lagde radio- og fjernsynsprogram, reportasjar og høyrespel.
I romanane handsama West alvorlege, ofte religiøse tema og politiske hendingar av global tyding. Fleire er blitt filmatisert, og nokre omarbeidde han sjølv til skodespel.
Bibliografi
[endre | endre wikiteksten]West skreiv fleire populære romanar, mellom andre:
- The Devil's Advocate (1959; norsk omsetjing Djevelens advokat, 1961)
- The Shoes of the Fisherman (1963; norsk omsetjing Fiskerens sko, same år)
- The Salamander (1973; norsk omsetjing Salamanderen, 1974)
- Proteus (1979; norsk omsetjing same år)
- The Clowns of God (1981; norsk omsetjing Guds klovner, same året)
- Cassidy (1986; norsk omsetjing 1987)
- Masterclass (1988; norsk omsetjing Mesterstykket, 1993)
- Lazarus (1990; norsk omsetjing 1991)
- The Ringmaster (1991)
- The Lovers (1993; norsk omsetjing Dager med Giulia, 1995).
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]«Morris L. West» av Lynette Hinrichsen i Store norske leksikon, snl.no.