Max Jakobson
Max Jakobson | |
Statsborgarskap | Finland |
Fødd | 30. september 1923 Viborg |
Død |
9. mars 2013 (89 år) |
Yrke | journalist, historikar, diplomat, politikar, embetsmann, kommentator |
Språk | finsk |
Max Jakobson på Commons |
Max Jakobson, f. i Viborg 1923 er ein finsk politikar og tidlegare minister, som var ein sentral arkitekt for den finske nøytralitetspolitikken på 1960-talet.
Jakobson starta karrieren sin som reporter for BBC. Han arbeidde for det finske utanriksdepartementet 1953-1974, og var m.a var Finlands FN-ambassadør og ambassadør i Sverige.
Jakobson var ein av dei Urho Kekkonen stolte på, men han var også synleg i politikken i Mauno Koivisto og Martti Ahtisaari sine presidentperiodar. I 1970 prøvde Kekkonen å få Jakobson til generalsekretær for FN. Initiativet gjekk ikkje gjennom, m.a. fordi Sovjetunionen var mot det. Seinare har det komme fram at også USA var skeptisk til Jakobsson som generalsekretær.
Jakobson var soldat i framhaldskrigen i 1942-43 på det karelske neset, i feltartilleriets II divisjon.
Bibliografi
[endre | endre wikiteksten]- Diplomaattien talvisota (1955)
- Kuumalla linjalla (1968)
- Paasikivi Tukholmassa (1978)
- Veteen piirretty viiva (1980)
- 38. kerros (1983)
- Finland: Myth and Reality (1987)
- Vallanvaihto (1992)
- Finland in the New Europe (1998)
- Väkivallan vuodet 20. vuosisadan tilinpäätös (1999). (kuvaa vuosia 1946-1971)
- Jukka Tarkka: Max Jakobson - kansainvälinen suomalainen. Otava 1983