Minnesmerke
Utsjånad
(Omdirigert frå Minnestøtte)
Eit minnesmerke er ein tilverka gjenstand som er varig plassert i det offentlege rommet for å minne om ein person eller ei hending.
Eit minnesmerke i form av ein bauta eller ei steinstøtte blir også kalla ein minnestein. Eit minnesmerke i form av ei tavle blir også kalla ei minnetavle.
Minnesmerke kan finnast i former som standardiserte skilt, tavler av stein eller bronse på veggar eller murar, som bilethoggarverk i form av relieff, byster eller frittstående statuer i alle stilartar og varige material, eller som byggverk, så som gravhaugar, pyramidar eller mausoleum og anna.
-
Minneplakettar, såkalla snublesteinar, er i mange byar støypt ned i fortauga framfor bustadene til jødar som vart drepne av nazistane under den andre verdskrigen. Denne snublesteinen finst i Flensburg i Tyskland
-
Minneplakett for falne på ein barrikade i gata rue Fontaine-au-roi n17 i Paris under kampane i samband med Pariskommunen
-
Minnesmerke frå 1896 i Pápa i Ungarn om slaget i Ihász 27. juni 1849
-
Minnesmerke i Ny-Ålesund over Amundsenekspedisjonen i 1925 (steinen i bakgrunnen) og Italia-ekspedisjonen i 1928 (i framgrunnen)
-
Valle de los Caídos, minnesmerke over diktatoren Francisco Franco, som er gravlagt her saman med skiparen av Falangistpartiet, José Antonio Primo de Rivera, og til minne om dei 33 872 soldatane frå båe sider som fall i den spanske borgarkrigen
-
Ei drikkefontene i Bulgaria til minne om folket i Boikovo (Бойково) som kjempa for fridomen for landet