Posad
Posad (russisk посад) var ein busetnadtype i Det russiske keisarriket som låg inntil ein by, ein kreml eller ved eit kloster. Han var eit eige samfunn som verka fråskild frå byen det låg ved.[1] Innbyggjarane i ein posad var vanlegvis handverkarar og handelsmenn, kjend som posadskije ljudi (posadfolk). Dei dreiv handel med varer som keramikk, glas, koparvarer, våpen, klede, ikon, voks, salt og mat.
Ein posad var ofte omgjeven av festningsverk og ei vollgrav.[2] Mange posader utvikla seg til byar. Dei som låg ved ein kreml gav ofte lokale stadnamn, som Nagornyj Posad (Den øvre busetnaden) og Kazanskij Posad for det historiske senteret i Kazan. Dei som låg ved eit kloster vart ofte til byar kalla opp etter klosteret, som Sergijev Posad, som er kalla opp etter det nærliggende Troitse-Sergijeva Lavra. Sjå òg Pavlovskij Posad, Mariinskij Posad og Gavrilov Posad.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Brancato, Ekaterina (2009). Markets Versus Hierarchies: A Political Economy of Russia from the 10th century to 2008. Cheltenham: Edward Elgar Publishing. s. 40. ISBN 978-1-84720-811-8. Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
- ↑ Moss, Walter G. (2005). A History of Russia: To 1917. London: Wimbledon Publishers. s. 36–37. ISBN 1-84331-023-6. Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
- Denne artikkelen bygger på «Posad» frå Wikipedia på bokmål, den 28. januar 2009. og «Posad» frå Wikipedia på engelsk, den 1. desember 2014.