Papuaprovinsen
Papua | |||
provins | |||
|
|||
Land | Indonesia | ||
---|---|---|---|
Hovudstad | Jayapura | ||
Areal | 82 680,95 km² | ||
Folketal | 1 034 956 (2022) | ||
Papuaprovinsen 2°30′S 138°30′E / 2.5°S 138.5°E | |||
Kart som viser Papuaprovinsen.
| |||
Wikimedia Commons: Papua (province) |
Papua er ein indonesisk provins vest på Ny-Guinea (Vest-Papua). Han grensar til Papua Ny-Guinea i aust.
Papuaprovinsen fekk sitt noverande namn i 2002. Tidlegare heitte han Irian Jaya og før dette Vest-Irian eller Irian Barat. Provinsen Papua Barat eller Vest-Papua (tidlegare kalla Irian Jaya Barat) var tidlegare ein del av Papua, men blei skild ut som eigen provins i 2003.
Innbyggjarar
[endre | endre wikiteksten]Dei opphavlege innbyggjarane i provinsen er mange ulike folkegrupper, som amungme, asmat, bauzi, dani, kamoro, kombai, korowai, mee, sentani, yali og yei. Nokre av gruppene er utan kontakt med omverda.[1] Tilflytting frå andre delar av Indonesia, oppmuntra av koloni- og seinare av dei sjølvstendige styresmaktene, har ført til stor auke i innflytta folkegrupper.[2]
Sidan 1990-talet har folketalet i Papuaprovinsen auka kraftig, med ein årleg folkevekst på over 3 % har han gjennom mange år hatt den største folkeauken i Indonesia. Frå folketeljinga i 2000 til den i 2010 steig innbyggjartalet frå 1,9 til 2,9 millionar.[3] Auken kjem delvis av eit høgt tal barnefødslar per kvinne, men byggjer hovudsakleg på den høge tilflyttinga.
I folketeljinga frå 2010 rekna 83,15 % av Papua-innbyggjarar seg som kristne (65,48 % protestantar og 17,67 % katolikkar). 15,89 % var muslimar og under 1 % var buddhistar eller hinduar.[4] Mange papuanarar følgjer også animstiske tradisjonar.
Hovudstad og største by i provinsen er Jayapura. I tillegg til dei store indonesiske byane langs kysten finst også ei større innlandsbusetjing i og rundt Wamena i Palim-dalen i dei sentrale høglanda.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Papuan Tribes». www.survival-international.org. Survival International. Arkivert frå originalen 29. juli 2009. Henta 15. juli 2017.
- ↑ Dagur, Ryan (5 November 2014). «Indonesia's transmigration program threatens Papuans». Ucanews.
- ↑ «Population growth ‘good for Papua’», The Jakarta Post, 23. august 2010
- ↑ Papua province - Population by Region and Religion
- Denne artikkelen bygger på «Papua (province)» frå Wikipedia på engelsk, og «Papua» frå Wikipedia på svensk den 8. april 2013.