Provinsen Cuenca
Utsjånad
Cuenca er ein provins sentralt i Spania, sentralt i den autonome regionen Castilla-La Mancha. Han grensar til provinsane Valencia, Albacete, Ciudad Real, Toledo, Madrid, Guadalajara og Teruel.
Det bur litt over 200 000 innbyggjarar i provinsen. Provinshovudstaden er Cuenca, som har kring ein fjerdedel av innbyggjarane i provinsen. Det er 238 kommunar i Cuenca.
Andre byar og kommunar er Tarancón, San Clemente, Quintanar del Rey, Huete, Villanueva de la Jara, Motilla del Palancar, Mota del Cuervo og Las Pedroñeras.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Cuenca (province)» frå Wikipedia på engelsk, den 4. oktober 2009.