Hopp til innhald

Pyranometer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eit SR20 pyranometer som tydeleg viser hovedkomponentane: glaskuppler, metallkropp, svart sensor, strålingsskjerm, nivå og kabel.

Eit pyranometer er eit instrument som vert nytta til å måle globalstrålinga, summen av direkte solinnstråling og diffus stråling. Dette omfattar t.d. ikkje langbølgja, infraraud stråling frå jorda. Eit pyranometer består av ein sensor som er utforma for å måle solstrålingsstyrken (i watt pr. m²) over eit synsfelt på 180 grader.

Namnet pyranometer kjem frå dei greske orda pyr som tyder «brann» og ano som tyder «himmel».

Eit typisk pyranometer krev ikkje ekstern kraft for å drivast.