Romanifolk
Utsjånad
(Omdirigert frå Romanifolket)
- Sjå òg tatarar.
Romanifolk er ei fellesnemning for skandinaviske folkegrupper av delvis indisk opphav som tradisjonelt har hatt ein omreisande livsstil med næringsvegar som musikk, handverk (særleg metallarbeid), kolportasje og småhandel. Romanifolka er offisielt definerte som ein nasjonal minoritet både i Noreg og Sverige. Dei har òg ofte blitt kalla reisande eller tatrar.
Grupper
[endre | endre wikiteksten]Norske romanifolk kan delast inn i to hovudgrupper ut frå geografi, språk og kultur – tavringar (tatrar, storvandriar) i aust og småvandriar (splintar, fantar) i vest.
- Tavringane, òg kalla storvandriar, tatrar og stundom fantar, høyrer først og fremst heime på Austlandet, i Trøndelag og i vestlege delar av Sverige. Det tradisjonelle språket åt tavringane er romani rakripa.
- Småvandriar, òg kalla splintar eller fantar, høyrer hovudsakleg heime på Sør- og Vestlandet. Språket deira blir kalla rotipa (rodi, rotvelsk) og inneheld mellom anna fleire skandinaviske ord enn romani rakripa. Leveviset åt småvandriane er tradisjonelt mykje knytt til sjøvegen.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. (2024) |
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- http://www.romanifolket.com Arkivert 2018-08-27 ved Wayback Machine. RCU - Romani Council Union
- Landsorganisasjonen for Romanifolket Arkivert 2005-01-27 ved Wayback Machine.
- Romanifolkets landsforening Arkivert 2005-01-31 ved Wayback Machine.
- Romani Posten Arkivert 2007-09-29 ved Wayback Machine.
- enemo.net (RCU)[daud lenkje]
- romaniradet.no[daud lenkje]
- Barna som forsvant - omtale av utstilling mai 2008[daud lenkje]
- Bo Hazell: «Resandefolket - från tattare till traveller» Arkivert 2006-01-14 ved Wayback Machine. - Referat av föredrag på Gula Villan den 16 september 2002