Freden i Rastatt
Utsjånad
(Omdirigert frå Rastatt-traktaten)
Freden i Rastatt frå 7. mars 1714 enda fiendskapen mellom Frankrike og Austerrike mot slutten av den spanske arvefølgjekrigen. Han supplerte freden i Utrecht, som året før hadde enda fiendskapen mellom Frankrike på den eine sida og Storbritannia og Dei sameinte Nederlanda på den andre. Ein tredje avtale, freden i Baden, måtte til for å ende krigen mellom Frankrike og Det tysk-romerske riket.
Freden vart forhandla fram ved Den første Rastatt-kongressen i 1713 og 1714 av den franske marskalken Claude Louis Hector de Villars og den austerrikske prinsen Eugene av Savoie.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Treaty of Rastatt» frå Wikipedia på engelsk, den 16. mai 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- R.R. Palmer, Joel Colton, Lloyd Kramer (2002). A History of the Modern World. ISBN 0-07-250280-0.