Revillon Frères
Revillon Frères | |||
| |||
Det tidlegare hovudkvarteret til Etablissements Révillon i Paris ved 4, rue La Boétie | |||
Bransje | Detaljhandel | ||
---|---|---|---|
Skipa | 1839 | ||
Hovudkontor | Paris | ||
Land | Frankrike |
Revillon Frères ('Revillon-brørne') var eit fransk pels- og luksusvareføretak som blei skipa i Paris i 1723. Det blei fyrst kalla la Maison Givelet, før det blei kjøpt av Louis-Victor Revillon i 1839 og etterkvart blei omdøypt til Revillon Frères. Dette blei det største pelsføretaket i Frankrike. Det opna verksemder i London i 1869 og i New York i 1878.[1] Ved slutten av 1800-talet hadde Revillon butikkar i Paris, London, New York og Montreal.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Gjennom pelsinnkjøpkontoret sitt i Leipzig (1876) og eit agentur i Moskva (1905) kjøpte selskapet det meste av pelsverket sitt i Moskva, Leipzig og ved årlege marknader i Nizjnij Novgorod (Gorki) ved Makarjevmarknaden og i Irbit ved Irbitmarknaden.[1]
Frå 1908-1909 opna Revillon Frères pelshandelpostar i Sibir, Mongolia og Turkestan.[1] I 1912 hadde føretaket 125 pelshandelpostar i Amerika og Sibir.[1] På 1960-talet kjøpte Revillon opp Grauer Furs, det fremste pelstilverkingsføretaket i New York. Grauer Furs var blitt skipa av den austerrikske innvandraren William Grauer, og seinare drive dei to sønene hans, Abraham og Herman. I 1970 forhandla Herman Grauer fram ein avtale der Revillon blei pelsleverandøren til Saks 5th Avenue. Denne avtalen varte ved til 1995.
I 1982 blei Revillon kjøpt opp av hypermarknadselskapet Cora, og blei del av luksusavdelinga Cora-Revillon. Denne blei seinare skild ut som eit eige selskap, Cora-Revillon, med private eigarar og Revillon som hovudmerket sitt. I tilleg til pels har Revillon også laga parfyme og moteklede.[2]
Verksemd i Canada (1893-1936)
[endre | endre wikiteksten]I 1899 opna Revillon Frères eit engros-varehus i Edmonton i Alberta, og i 1903 hadde føretaket 23 utsal i Canada.[3] Med Victor Revillon som eigar danna Revillon Frères etterkvart eit nettverk av pelshandelsposstar i Nord-Canada i direkte konkurranse med Hudson's Bay Company (HBC). Verksemda omfatta ei austleg og ei vestleg avdeling.
Den vestlege avdelinga omfatta postar som for det meste låg i Nord-Alberta, Saskatchewan og Manitoba. I 1911 hadde føretaket 13 postar nord og vest for Athabasca Landing. Etter å ha tileigna seg eit depot i Prince Albert i 1904 hadde det 10 postar til frå The Pas til Brochet og Nueltinsjøen til kanten av tundraen.[4]
Den vestlege avdelinga var i området kring Jamesbukta og Ungavabukta nord i Quebec med ein eigen flåte.[5] I 1909 hadde Revillon førtiåtte handelsstader i den austarktiske avdelinga si, medan HBC hadde femtito.[6] Mange inuittbusetnader i Nunavik nord i Quebec ligg på stader som opphavleg var handelspostar for Revillon Frères.
Selskapet blei registrert i Canada i 1912 som Revillon Frères Trading Company Ltd. I 1926 kjøpte Hudson's Bay Company 54 % av pelshandelsføretaket, og i 1936 var selskapet blitt heileigd av HBC. I 1938 blei namnet endra til Rupert's Land Trading Company.[7]
Revillon Frères støtte Robert Flaherty sin film Nanook of the North (1922) økonomisk.[8] Denne er blitt rekna som den fyrste kanadiske dokumentarfilmen.[9] Filminga gjekk føre seg nær ein av handelspostane deira ved Inukjuak i Quebec, nordaust for Hudsonbukta.
Ilya Andreyevich Tolstoy, eit barnebarn av Lev Tolstoj, var ved Revillon Frères-posten Windy Lake ved Nueltinsjøen vinteren 1928-1929. Han var med i ei gruppe som prøvde å filma trekkande karibu for William Douglas Burden og William C. Chanler sin film The Silent Enemy, ein av dei siste og største stumfilmane, som kom ut i 1930.[10]
Glenbow Museum i Calgary har ei samling av over 300 fotografi frå Revillon-postane og av skipa deira og varer selde på handelsstadane deira.[11] Mange av bileta er tekne av Samuel Herbert Coward, direktøren for Revillon Frères Trading Company Ltd. i Canada frå 1904 til 1931.[12] Det var tidlegare òg eit Revillon Frères Museum i Moosonee i Ontario.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 «Ascension et déclin de Revillon Frères au Canada (note 2) by Pierrette Paule Désy». 31. sesember 2013.
- ↑ Nast, Condé (7. juli 2003), «REVILLON AND ON», British Vogue (på engelsk), henta 5. februar 2023
- ↑ «Revillon Frères (Alberta Archives-Alberta on Record)». 31 December 2013.
- ↑ Morris Zaslow (1971). The opening of the Canadian North, 1870-1914. McClelland and Stewart. s. 239–240. ISBN 9780771090721.
- ↑ Morris Zaslow (1971). The opening of the Canadian North, 1870-1914. McClelland and Stewart. s. 239–240. ISBN 9780771090721.
- ↑ Kermoal, Nathalie, Alberta's Francophones. Les Editions GID, 2005; http://www.musee-mccord.qc.ca/en/collection/artifacts/L103.30 Arkivert 2016-03-05 ved Wayback Machine.
- ↑ «Revillon Frères Trading Company (1926-1938) Archives of Manitoba». 31 December 2013.
- ↑ How I filmed Nanook of the North, Robert Flaherty, transcribed by David Pierce from World's Work, October 1922
- ↑ Kermoal, Nathalie. Alberta's Francophones, Les Editions GID, 2005
- ↑ «"When the Caribou Failed": Ilia Tolstoy in the Barren Lands, 1928-1929 by Graham A. MacDonald (The Manitoba Historical Society)». 31 December 2013.
- ↑ «Glenbow Museum Archives Photographs (search Revillon+Freres)». 31. desember 2013.
- ↑ «Glenbow Museum Archives Photographs by Samuel Herbert Coward». 27 February 2014.
- Denne artikkelen bygger på «Revillon Frères» frå Wikipedia på engelsk, den 12. februar 2023.