Rendalen kommune
Rendalen kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Innlandet | ||
Adm.senter | Bergset | ||
Areal | 3 180 km² | ||
• land | 3 072 km² | ||
• vatn | 108 km² | ||
Folketal | 1 837 (1. januar 2024) | ||
Målform | bokmål | ||
Ordførar | Linda Døsen (Ap) | ||
Kommunenr. | 3424 | ||
Rendalen kommune 61°51′34″N 11°10′34″E / 61.859444444444°N 11.176111111111°E | |||
Kart som viser Rendalen kommune.
| |||
Wikimedia Commons: Rendalen | |||
Nettstad: www.rendalen.kommune.no |
Rendalen er ein kommune i Innlandet fylke. Kommunen grensar i nordvest mot Alvdal og Tynset, i nord mot Tolga, i aust mot Engerdal, i sør mot Trysil og Åmot, og i vest mot Stor-Elvdal.
Rendalen kommune omfattar det meste av Rendalen, ein sidedal til Østerdalen. Kommunen omfattar i tillegg den nordlege delen av Storsjøen, store fjellområde aust for Rendalen og ein mindre del av sjølve Østerdalen. Naturen er karrig med mykje sandgrunn og furuskog. Kommunen er 3174 km² stor, og er dermed den største i Sør-Noreg. Hovudnæringar er jordbruk og skogbruk, men òg turistnæringa aukar på. På Renåfjellet er det raskt veksande hyttefelt og alpinanlegg. Verdt å sjå i Rendalen er mellom anna Jutulhogget, Bull-museet, Fiskevollen og Sølen.
Bilete
[endre | endre wikiteksten]-
Jutulhogget
Foto: Cato Edvardsen
-
Sølensjøen
Foto: Kim Marius Flakstad
-
Øvre Rendal kyrkje på Bergset