Turkistan oblast
Turkistan | |||
Түркістан | |||
oblast | |||
|
|||
Land | Kasakhstan | ||
---|---|---|---|
Hovudstad | Turkestan | ||
Areal | 116 902 km² | ||
Folketal | 1 929 000 (juni 2018) | ||
Tidssone | UTC +6 | ||
Postnummer | 160000 | ||
Sør-Kasakhstan oblast 43°00′N 68°30′E / 43°N 68.5°E | |||
Kart som viser Turkistan oblast.
| |||
Wikimedia Commons: Turkistan Region |
Turkistan, tidlegare Sør-Kasakhstan (kasakhisk Түркістан облысы, tidlegare Оңтүстік Қазақстан облысы Ongtüstik Qazaqstan oblysy), er eit oblast i Kasakhstan. Det er det sørlegaste oblastet i landet og har om lag 2 millionar innbyggjarar.
Hovudstaden i oblastet er Turkestan. Andre byar inkluderer Sajram, Kentau, Arys, Sjardara, Jetisaj, Sarjag'asj og Lenger. I lag med Atyrau oblast er han det minste oblastet i Kasakhstan ut frå areal, som er 116 902 km².
Sør-Kasakhstan grensar til Usbekistan (og ligg svært nær den usbekiske hovudstaden Tasjkent) i tillegg til tre andre kasakhstanske oblast, Karagandy oblast, Kyzylorda oblast og Zjambyl oblast. Syr-Darja renn gjennom oblastet på veg til Aralsjøen. Ein oljerøyrleidning går gjennom oblastet frå Turkmenabat i Turkmenistan til Omsk Russland. I Sjymkent ligg det eit oljeraffineri, samt fabrikkar som handsamar bly og sink.
Demografi
[endre | endre wikiteksten]Sør-Kasakhstan er det tettast folkesette olbastet i Kasakhstan. Ein har betre klimatiske tilhøve, betre tilgang på vatn og betre infrastrutkur her enn i andre delar av landet og mange har busett seg her av den grunn. Han ligg òg nær Tasjkent og Silkevegen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «South Kazakhstan Province» frå Wikipedia på engelsk, den 17. januar 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- National Geographic Atlas of the World, Eighth Edition.