Hopp til innhald

Sør-Noreg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kart over Noreg med Sør-Noreg markert.

Sør-Noreg er ei nemning som femner fylka i Noreg sør for Nordland fylke, og utgjer landsdelane Trøndelag, Austlandet, Vestlandet og Sørlandet.

9 av dei norske fylka er rekna til Sør-Noreg. Dette gjeld Trøndelag, Møre og Romsdal, Vestland, Rogaland, Agder, Vestfold og Telemark, Innlandet, Oslo og Viken.

Omgrepet Midt-Noreg er relativt nytt og inkluderer i somme høve dei nordlegaste kommunane i Hedmark og Nord-Møre og Romsdal i tillegg til Trøndelag.

Merk at Midt-Noreg er ein del av Sør-Noreg.