Thomas Cromwell
Thomas Cromwell | |||
| |||
Fødd | ca. 1485 Putney | ||
---|---|---|---|
Død | 28. juli 1540 Tower Hill | ||
Tittel | Member of the 1523 Parliament, rikshoffmester i Storbritannia, lordseglsbevarer, Master of the Rolls (England), Storbritannias finansminister, Member of the 1529-36 Parliament, Member of the 1536 Parliament, Master of the Jewel Office | ||
Alle titlar | Jarl av Essex | ||
Gravstad | St Peter ad Vincula | ||
Land | Kongeriket England | ||
Mor | Katherine Glossop, of Wirkesworth, Derbs | ||
Far | Walter Cromwell | ||
Ektefelle | Elizabeth Wyckes | ||
Barn | Gregory Cromwell, 1st Baron Cromwell, Anne Cromwell, Grace Cromwell, Jane Cromwell | ||
Medlem | English Reformation Parliament |
Thomas Cromwell, 1. jarl av Essex (kring 1485–28. juli 1540) var ein engelsk statsmann. Han var den viktigaste ministeren til kong Henrik VIII, i ulike postar, frå 1532 til 1540. Han blei avretta for heresi og forræderi på ordre frå kongen, som seinare klaga over at han var blitt villeidd.
Tidleg liv
[endre | endre wikiteksten]Cromwell blei fødd kring 1485 i Putney i London. Ein kjenner få detaljar frå dei tidlegaste åra hans, men ein veit at faren hans Walter Cromwell blei bøtelagd seks penny heile 48 gonger mellom 1475 og 1501 for å vatna ut ølet han selde. I 1477 blei han òg kjend skuldig for overfall. Walter hadde deltatt i slaget ved Bosworth på sigersherren Henrik 7. si side, og stod derfor på god fot med Tudor-dynastiet. Han dreiv gjestgjevarstaden The Anchor ('Ankeret') og eit bryggeri, og familien hadde heimen sin øvst i Brewhouse Lane, i dag ein gatestump frå Putney Bridge Road ned til Themsen.[1]
Mor til Thomas Cromwell kom nordfrå og tilhøyrde Meverell-familien. Gjennom henne hadde sonen eit nettverket av syskenbarn og tremenningar nord i landet. Sjølv hadde han to systrer: Elizabeth, som gifta seg med bonden William Wellyfed, og Kathrine, som med mannen Morgan Williams fekk sonen Richard som gjekk morbroren si teneste. Denne Richard blei oldefar til Oliver Cromwell.[2]
Far til Thomas Cromwell kan ha vore irsk. Han var ein tidstypisk yeoman; ein driftig næringsdrivande som verdsette skulegang for barna. Walter Cromwell flytta til Wandsworth rundt 1501, der han var eigar av ei vassmølle. Seinare oppstod eit rykte om at han òg hadde vore smed; kanskje fordi han - som mange andre i tudortida - føydde namnet Smith til etternamnet sitt.[3]
I utlandet
[endre | endre wikiteksten]Thomas Cromwell forlét England som tenåring. Eustace Chapuys, som seinare var naboen hans i London og snakka mykje med han, skreiv at Cromwell som ung drog til Flandern og deretter Italia. Den samtidige forfattaren Matteo Bandello skreiv ein novelle om Cromwell si reise til Italia. Det er usikkert om denne byggjer på historiske fakta eller er heilt oppdikta. Ifølgje Bandello var Cromwell på flukt frå faren sin, og deltok undervegs på fransk side i slaget ved Garigliano den 29. desember 1503.[4] Cromwell var dermed på taparane si side. I novella til Bandello blei den unge engelskmannen plukka opp frå gata i Firenze av Francesco Frescobaldi, men han var då berre 8 år gammal, så truleg var det snakk om faren hans eller den eldre broren Leonardo. I alle høve kom Cromwell til å stå Frescobaldi-familien nær heile livet. Som sekretær for kardinal Wolsey i 1520-åra må han ha blitt klar over kva for ei enorm gjeld frescobaldiane hadde opparbeidd seg hjå Henrik 8. I 1530-åra betalte Cromwell spionen sin på kontinentet, dr Augustine, via Francesco Frescobaldi.[5] Frescobaldiane var den største vin-importøren til Tudor-England.[6] Familien er framleis ein anerkjend vinprodusent.[7]
Avlatshandel
[endre | endre wikiteksten]Innan 1512 var Cromwell blitt tilsett av frescobaldiene og dreiv handel med tekstil i Nederlanda. Dokument frå Vatikan-arkiva viser at han var agent for kardinal Reginald Bainbridge, og handterte engelske kyrkjerettssaker for Den romerske rotaen.
Då Bainbridge døydde i 1514, vende Cromwell heim til England i august same år. Medan han hadde vore i Firenze had handelstransaksjonane til italienarane med England vokse enormt, i hemmeleg samforståing med kong Henrik VII. Italienarane innførte fargestoffet alun frå Egypt og andre muslimske land, og smugla det til tekstilindustrien i Nord-Europa via England, sjølv om paven hadde forbode denne trafikken av omsyn til sitt eige monopol på sal frå alungruvene i Pavestatene. Italienarane dominerte dermed heilt forretningsverda i London fram til reformasjonen. Cromwell snakka flytande italiensk (i tillegg til latin og fransk), medan få av landsmennene hans lærte seg språket. I London fall det han naturleg å ha omgang med den store italienske kolonien. Den første heimen hans var i Fenchurch Street, der kjøpmennene frå Genova heldt til. Kardinal Reginald Pole hevda at Cromwell ei tid var rekneskapsførar for ein kjøpmann i Venezia. Kanskje var det snakk om Donato Rullo, som var venn av både Cromwell og Pole.[8]
Vår Frue-lauget i Boston, som seinare kosta på det praktfulle spiret (the Boston stump) på St. Botolph-kyrkja, skipa velstanden sin på sal av avlatsbrev i heile England og Irland.[9] Truleg var Boston-lauget den største aktøren i England innan avlatssal, og konkurransen frå Austin Friars (augustinarbrørne) i London var særs lite velkommen. Ironisk nok tilhøyrde Luther nettopp desse augustinarbrørne, og hadde nyss tatt til orde mot avlatsbrev, akkurat då det braut ut ein heftig strid i England mellom ordensbrørne hans i England og Boston-lauget, om nettopp avlatssal. Boston-lauget sende representanten sin til kardinal Wolsey for å få stansa avlatsbrevet til augustinarane, men saka måtte avgjerast i Roma. Boston-lauget engasjerte difor Cromwell, sidan han snakka italiensk. Han er fyrste gong dokumentert i rekneskapane til lauget ved pinsetid i 1518 med eit salær på over 4 pund. Deretter drog han til Roma for dei, der han møtte pave Leo X, ein yngre bror av Piero di Lorenzo de' Medici som hadde falle i slaget ved Garigliano, der også Cromwell skal ha vore med. Under opphaldet i Roma skaffa han seg Erasmus si utgåve av Det nye testamentet på gresk og latin. Han fortalde seinare Thomas Cranmer at det å lesa Bibelen på eiga hand hadde vakt tvilen hans om avlatsbrev og hans eige engasjement i salet av dei. Tidleg på 1520-talet var han like fullt framleis agent for dei då 4 000 avlatsbreva blei trykte opp av trykkaren til Boston-lauget i London, Richard Pynson.[10]
Kardinalens mann
[endre | endre wikiteksten]På eit ukjent tidspunkt blei Cromwell introdusert for kardinal Thomas Wolsey, anten gjennom Gray-familien i Dorset som han gav råd i juridiske saker, eller gjennom fetteren sin Robert Cromwell, som var prest i Battersea under kardinal Wolsey. I alle høve gav han Wolsey råd i juridiske saker i 1520. Før 1519 hadde han gifta seg med dottera for ein tekstilhandlar, Elizabeth Wyckes (1489–1527). Dei fekk sonen Gregory og dei to døtrene Anne og Grace. Namnet Gregory var svært uvanleg i England i tudortida, og kan ha vore inspirert av Cromwell si reise til Roma i 1518/19, der han blei minna om at England var blitt kristna under pave Gregor den store.[11]
Etter jusstudiar blei Cromwell vald inn i Det engelske parlamentet i 1523. Etter oppløysinga av parlamentet skreiv han eit brev til ein venn, der han spøkte med dei uproduktive arbeidsmetodane der.[12]
I 1523 flytta han og familien inn i klosteret Austin Friars i London. På klosterområdet låg Edward Stafford gravlagd etter å ha blitt avretta 17. mai 1521 for forræderi, eit tidleg døme på kong Henrik sin brutalitet mot alle av Plantagenet-slekta. Forræderi blei likevel rekna som mindre alvorleg enn kjetteri, så forrædarar fekk like fullt ei kristen gravferd, og Stafford hadde hatt tilhengjarar som frå tid til annan vitja grava hans.[13] Dei italienske, tyske og flamske koloniane i London gjekk til kyrkje i Austin Friars, som var landemerket i den delen av London som i dag er mest kjend for Liverpool Street stasjon. I klosterkyrkja slapp dei å betala tiande og andre forpliktingar som følgde med kyrkjelyden i ei soknekyrkje. Cromwell kjøpte bustaden sin av to italienarar som var nære partnarar av frescobaldiane; Giovanni Cavalcanti hadde i 1521 fått i oppdrag av pave Leo X å konstruera ein modell av eit praktfullt gravmæle for kong Henrik, betalt av paven som takk fordi kongen heilt avviste Luther i skrifta si Assertio Septem Sacramentarum,[14] noko som også gav kong Henrik tittelen «forsvararen av trua».[15]
I 1524 blei Cromwell teken inn ved Gray's Inn, og var no den mest trudde medarbeidaren til Wolsey.[16] I november 1528 sikra kardinal Wolsey seg to pavebullar om å sørga for ei radikal fornying av engelsk klosterliv. Alle kloster med færre enn seks bebuarar skulle stengast, og alle kloster med færre enn tolv bebuarar skulle slåast saman med eit større kloster.[17] Etter desse retningslinjene sørgde Cromwell for å oppløysa tretti kloster for å skaffa pengar til kardinalskulen i Ipswich og Cardinal's College i Oxford.
Då kardinal Wolsey blei styrta i 1529, prøvde Cromwell forgjeves å hjelpa han, og kom i det høvet i kontakt med kong Henrik VIII. 1529 var elles eit forferdeleg år for Cromwell, som mista både den gamle velgjeraren sin Wolsey og kona si Elizabeth. 12. juli 1529 skreiv han testamente som enkemann. Seinare same året mista han begge døtrene sine. Han sende då sonen Gregory til oppfostring hjå andre, der guten fekk veksa opp i meir heimslege omgjevnader enn han sjølv kunne gje han.[18] Han gifta seg aldri igjen, men det var truleg rundt 1529 at han blei far til eit barn utanfor ekteskap, Jane. I 1539 budde Jane hjå halvbroren sin Gregory, som då var gift mann med eigen heim. Cromwell sende ein rundelig sum til utstyr for «mistress Jane», som sidan gifta seg med William Hough, sonen til Cromwell sin tenar Richard. Overraskande nok vart ekteparet Hough nokre av dei mest tradisjonstru katolikkane i Oxfordshire.[19]
Kongen hadde kalla inn eit nytt parlament, kjent som Reformasjonsparlamentet, for å få innvilga skilsmisse frå Katarina av Aragón slik at han kunne gifta seg med hoffdama hennar Anne Boleyn. Mot slutten av 1530 eller tidleg i 1531 blei Cromwell utnemnd til kongeleg rådgjevar for parlamentssaker, og innan utgangen av 1531 var han ein del av den inste kretsen til kongen.[20][21] Han blei den viktigaste ministeren til kongen i 1532, utan å ha noko offisielt embete som medførte ein slik posisjon, men rett og slett på grunn av den enorme tilliten kongen hadde til han.[22] Fyrst året etter blei han rådsmedlem.
Minister
[endre | endre wikiteksten]Cromwell spelte ei viktig rolle i reformasjonen i England. Parlamentet 1529–31 førte ikkje kongen noko nærare ei skilsmisse. Men i 1532, med Cromwell som kongen sin fremste mann, byrja ting å skje. Viktige inntektskjelder for paven blei avskorne, og kyrkjelovgjevinga, blei overført til kongen. I løpet av dei neste åra kom den grunnleggande loven under den engelske reformasjonen, Act in Restraint of Appeals, som forbaud anker til Roma. Dette opna for at skilsmisse kunne innvilgast i England, utan at paven kunne behandla ei anke.
Det var Cromwell som skreiv utkastet til denne loven. Ein detalj av stor tyding var at han omtalte England som eit «imperium». Engelske monarkar hadde òg tidlegare omtalt seg sjølv som «keisarar», fordi dei styrte meir enn eitt rike. Men i denne lova betydde det noko anna; England var erklært å vera eit rike i seg sjølv, uavhengig av autoriteten til framande herskarar. Dette var retta mot pavedømmet, som mista makta si over England og rettsutøvinga der.
Anne Boleyn viste lita takksemd for Cromwell sin innsats for å gjera ekteskapet mellom henne og kongen mogleg. Ved kroninga hennar i 1533 blei ei rekke menn slått til riddarar, men Cromwell var ikkje blant dei - noko som verkar som ein bevisst forbigåing, særleg sidan han blei pålagd å innkrevja bøtene frå dei som avslo utnemninga. Heller ikkje var Cromwell ute av stand til å tena krona som riddar, sidan arbeidsoppgåvene hans i tenesta til kongehuset allereie var langt meir omfattande enn noko ein forventa av ein riddar.[23] På den tida foreslo Cromwell ekteskap mellom søsterson Richard Cromwell og den gamle vennen sin William Courtenay si svigerdotter. Courtenay var positiv til eit samband mellom den unge enka og familien Cromwell, men jenta var òg i slekt med Anne Boleyn, som nekta å godkjenna giftarmålet.[24]
Cromwell var den fremste blant dei som foreslo for Henrik VIII at han skulle utnemna seg sjølv til overhovud for kyrkja i England. I 1534 sytte han for at Act of Supremacy blei vedtatt i parlamentet, og året etter blei han utnemnd til viseregent for kongen i Lords Spirituals. Dette gav han makt som høgaste dommar i kyrkjelege saker. Embetet var òg ein institusjon som samla dei to kyrkjelege provinsane i England, Canterbury og York. Det var i kraft av dette embetet at Cromwell leia oppløysinga av klostera i England, som byrja med visitasjonen hans, annonsert i 1535 og påbyrja vinteren 1536. Sjølv om oppløysinga av klostera blei sett som eit kynisk tiltak for å skaffa pengar, hadde Cromwell og støttespelarane hans genuine reservasjonar mot klosterlivet. Dei var spesielt negative til forbøn for avdøde. Medan Cromwell sat i posisjon, var Henrik VIII mykje meir vennleg innstilt mot protestantismen enn han var seinare.
Kong Henrik sin tremenning og bitre motstandar Reginald Pole omtalte i sitt verk Apologia frå 1539 Cromwell som «Satans utsending», og den ansvarlege for kong Henriks ugjerninger. I ein samtale i 1528/29 om korleis ein best rår ein fyrste, hadde Cromwell gjeve Pole råd om å lesa ei bok som Pole seinare meinte måtte vera Machiavelli sitt verk Fyrsten. Men Fyrsten blei fyrst trykt i 1532, og Cromwell fekk boka anbefalt av vennen sin lord Morley i 1539.[25] Og sjølv om Fyrsten skildrar korleis ein fyrste bør utpeika og behandla rådgjevaren sin, seier ho ikkje noko om rolla til rådgjevaren, som var emne for Cromwell og Pole sin samtale i 1528/29. Det gjer derimot Baldassare Castiglione si bok il Cortegiano (= Hoffmannen), som kan vera den Cromwell tenkte på. Denne kom ut i 1528/29, men er motstykke og antitese til Fyrsten.[16]
Etter avrettinga av Anne Boleyn i mai 1536 blei Cromwell utnemnd til Lord Privy Seal[26] (dvs. bevarar av seglet til geheimerådet), og var deretter sentral i kongen sin politikk. Kong Henrik braut med Roma for å få gjennom annulleringa av det fyrste ekteskapet sitt, men heldt fast ved katolsk lære, som han berre ville reformera, ikkje avskaffa. Cromwell sympatiserte derimot med lollardane. Som erkebiskop Thomas Cranmer ønskte Cromwell å få Bibelen omsett til engelsk, noko kong Henrik var heilt imot. Utgåva dei føretrekte, var ei omsetjing gjort av William Tyndale, men med namnet Miles Coverdale på omslaget. Cranmer godkjende denne 4. august 1538, og bad Cromwell om å sørga for aksept frå kongen. Denne kom 30. september same året, og deretter hadde kvart kyrkjesokn plikt til å skaffa og stilla ut eit eksemplar av Coverdalebibelen, så folk kunne lesa i han. Presteskapet fekk uttrykkeleg forbod mot å hindra nokon i å få tilgang til skrifta, men skulle tvert om oppmuntra einkvar som kunne til å studera henne. Erkebiskop Cranmer jubla og skreiv til Cromwell at «ved sida av Guds belønning, skal du evig hugsast for det same i landet».[27]
Trass i dei religiøse reformene sine var Cromwell ein god venn og støttespelar for dottera til dronning Katarina, den katolske prinsesse Maria. Han klarte ikkje å overtala kongen til å la jenta få sjå mor si då mora låg på dødsleiet, men han lykkast i å sikra henne eit rimeleg livsopphald. Til sist gjekk det rykte om at dei to tenkte å gifta seg. Cromwell var allereie over femti og Maria berre 21, og ikkje noko tyder på at han var noko anna enn ein farsfigur ho støtta seg til, og som hadde verna henne mot den biologiske faren sin, kongen. Dei hadde likevel eit tydeleg nært forhold. Då lady Beauchamp bar sin førstefødde til dåpen, var dronning Jane, stedottera hennar prinsesse Maria og Thomas Cromwell fadrar; og då Cromwell sin son Gregory sjølv blei far, sende prinsesse Maria gåve både til dåpsbarnet og til jordmora.[28][29]
Cromwell blei vernar for ei gruppe intellektuelle engelske humanistar, som han brukte til å fremja reformasjonen gjennom trykte skrifter. Gruppa omfatta mellom anna Thomas Gibson, William Marshall, Richard Morison, John Rastell, Thomas Starkey, Richard Taverner og John Uvedale. Mellom anna fekk Marshall tjue pund av Cromwell for å omsetja og trykka Marsilius av Padova sitt Defensor pacis.
Då Erasmus freista å krevja innn eiu teståande pensjon frå Aldington i Kent, nekta den dåverande pastoren å utbetala pengane, fordi det var forgjengaren hans som hadde lova pensjonen, og ikkje han sjølv. Cromwell sende Erasmus tjue englar, og vennen hans Thomas Bedyll forsikra Erasmus om at Cromwell beundra han svært høgt.[30]
Fallet
[endre | endre wikiteksten]Cromwell støtta Henrik VIII då kongen ville kvitta seg med Anne Boleyn og i staden gifta seg med Jane Seymour. Sonen hans Gregory gifta seg med systera til Jane, Elizabeth Seymour, og blei altså svoger til dronninga av England. Cromwell var òg arkitekten bak Laws in Wales Acts 1535–1542, som formelt sameina England og Wales. Få månader før fallet sitt blei han utnemnd til jarl av Essex den 18. april 1540.
Årsaka til fallet hans var at han oppfordra kongen til å gifta seg på nytt etter at dronning Jane døydde. Ekteskapet med Anna av Kleve var ein politisk allianse framforhandla av Cromwell. Anna var katolikk, men systera hennar var gift med kurfyrsten av Sachsen, og bror hennar hevda å ha krav på hertugdømet Geldern som keisar Karl nekta å anerkjenna. Eit forbund mellom England, Geldern, Kleve og det schmalkaldiske forbundet var viktig for å setja seg i respekt hjå keisaren. Men kong Henrik hadde ikkje sett Anna før bryllaupet, og fatta motvilje mot henne så snart dei møttest. Berre frykt for kong Frans av Frankrike og keisar Karl heldt han frå å bryta med dei nye forbundsfellane sine og senda brura tilbake. Men utpå våren 1540 surna forholdet mellom franskekongen og den tyske keisaren, og dermed trong ikkje kong Henrik lenger ekteskapet med Anna å støtta seg til.[16]
Dei konservative fiendane til Cromwell, særleg Thomas Howard, 3. hertug av Norfolk, greip sjansen og kravde at Cromwell skulle arresterast. Under eit møte i Det kongelege rådet den 10. juni 1540 blei han pågripen og ført til Tower of London. Han blei ramma av ein Act of Attainder, dvs. at parlamentet kunne domfella han utan å gå vegen om domstolane til rettsvesenet.[31] Han fekk leva lenge nok til å sørga for ei annullering av ekteskapet til kongen med Anna.
Avrettinga
[endre | endre wikiteksten]Etter at skilsmissa til kongen var i orden, blei Cromwell avretta på Tower Hill[32][33] for høgforræderi, kjetteri, mutingar og maktmisbruk.
På skafottet heldt han ein kort tale, at han var komen for å døy og ikkje for å rettferdiggjera seg. Av omsyn til familien sin måtte han fyrst og fremst tilbakevisa tiltalen om kjetteri. Før avrettinga sa han derfor: «Eg trur på lovene fastlagt av den katolske kyrkja.» Dette var noko einkvar moderat protestant kunne seia, og hensikta var å skapa avstand til gjendøyparane som stod bak det skremmande Münster-opprøret som tillét polygami og vald mot alle som ikkje tilhøyrde sekta deira.[34] Cromwell avslutta med ei bøn for kongen og sonen hans, og noko ironisk, «for kongens noble råd». Thomas Wyatt stilte seg demonstrativt heilt framme ved skafottet; Cromwell snudde han rundt og sa: «Milde Wyatt, be for meg.» Bøddelen skal ha brukt tre hogg for å skilja hovudet frå kroppen.[35] Etter avrettinga blei hovudet lagt i kokande saltvatn og så sett på stake på London Bridge, med ansiktet vendt vekk frå City of London. Den samtidige krønikeskrivaren Edward Hall skreiv at Cromwell viste stor sjølvkontroll då bøddelen feila. Same dag gifta kong Henrik seg med den femte kona si, Catherine Howard. Dette heldt han likevel hemmeleg for befolkninga fram til 8. august.[36]
Ettermæle
[endre | endre wikiteksten]Ei stund omtalte Henrik konsekvent den avdøde Cromwell som the shearman ('saueklipparen'), med tanke på bakgrunnen hans som tekstilhandlar. Men allereie i november 1540 gjenutnemnde han Cromwell sin søsterson Richard til sheriff, og nokre månader seinare skjelte han ut rådsmedlemmene sine for Cromwell sin død: «Under påskot av heilt trivielle feiltrinn som Cromwell hadde gjort seg skuldig i, retta dei falske tiltalar mot han, og hadde fått han [dvs. kongen] til å dømma til døden den mest trufaste tenaren han nokon gong hadde hatt.»[37]
Den seinare statsleiaren Oliver Cromwell stamma frå Thomas Cromwell si syster Catherine og mannen hennar Morgan Williams; sonen deira Richard var oldefaren til Oliver Cromwell.[2] Begge sønene til Catherine valde å ta etternamnet til mora i staden for det til faren, tilsynelatande fordi dei ville visa fram tilknytinga til den berømte morbroren sin. Dette illustrerer dei delte meiningane ein hadde om Thomas Cromwell; mange feira fallet og døden hans, medan andre sørgde djupt. Vennen hans Thomas Wyatt skreiv diktet «The Pillar perish'd» - 'Søyla forsvann' til minne om Cromwell:
- The pillar perish’d is whereto I leant,
- the strongest stay of my unquiet mind.
- 'Søyla forsvann som eg støtta meg mot,
- det sterkaste hald på mitt urolege sinn.'
Wyatt var her inspirert av Petrarca som hadde skrive ein sonett til minne om den døde vennen sin Giovanni Colonna (colonna tyder 'søyle').[38]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Who was the real Thomas Cromwell? Your guide to Henry VIII's "faithful servant"», HistoryExtra (på engelsk), henta 28. desember 2022
- ↑ 2,0 2,1 «Oliver Cromwell - Faq 1», www.olivercromwell.org, henta 28. desember 2022
- ↑ Diarmaid MacCullough: Thomas Cromwell (s. 9-10), Penguin Books 2019, ISBN 978-0-241-95233-7
- ↑ arkivkopi, arkivert frå originalen 28. september 2020, henta 28. desember 2022
- ↑ https://europepmc.org/backend/ptpmcrender.fcgi?accid=PMC1081639&blobtype=pdf
- ↑ Diarmaid MacCullough: Thomas Cromwell (s. 22-24)
- ↑ https://en.frescobaldi.com/
- ↑ Diarmaid MacCullough: Thomas Cromwell (s. 24-32)
- ↑ https://parish-of-boston.org.uk/church/st-botolphs/
- ↑ Diarmaid MacCullough: Thomas Cromwell (s. 31-34)
- ↑ Diarmaid MacCullough: Thomas Cromwell (s. 37
- ↑ Stanford E. Lehmberg, The Reformation Parliament, 1529 – 1536, Cambridge University Press, 1970, ss. 1–2
- ↑ Diarmaid MacCullough: Thomas Cromwell (s. 44)
- ↑ https://www.rct.uk/collection/1006836/assertio-septem-sacramentorum-adversus-martinum-lutherum
- ↑ Diarmaid MacCullough: Thomas Cromwell (s. 40-43)
- ↑ 16,0 16,1 16,2 «Thomas Cromwell, Earl of Essex (1485?-1540) [England Under The Tudors]», www.luminarium.org, henta 28. desember 2022
- ↑ Diarmaid MacCullough: Thomas Cromwell (s. 73)
- ↑ Diarmaid MacCullough: Thomas Cromwell (s. 36)
- ↑ Diarmaid MacCullough: Thomas Cromwell (s. 102-03)
- ↑ Elton, op.cit., s. 129
- ↑ Lehmberg, op.cit., s. 132
- ↑ Elton, op.cit., s. 129
- ↑ Diarmaid MacCullough: Thomas Cromwell (s. 169)
- ↑ Diarmaid MacCullough: Thomas Cromwell (s. 114)
- ↑ [1] Patrick Coby: Thomas Cromwell: Machiavellian Statecraft and the English Reformation s. 32-33
- ↑ «Lord privy seal | Definition & Duties | Britannica», www.britannica.com (på engelsk), henta 28. desember 2022
- ↑ «The Lollards», Spartacus Educational (på engelsk), henta 28. desember 2022
- ↑ Diarmaid MacCullough: Thomas Cromwell (s. 352)
- ↑ Diarmaid MacCullough: Thomas Cromwell (s. 440)
- ↑ G. R. Elton, Reform and Renewal: Thomas Cromwell and the Common Weal, Cambridge University Press, Cambridge 1973, s. 31
- ↑ «Attainder (sometimes "Bill of attainder" or "Act of attainder")», tudorhistory.org, henta 28. desember 2022
- ↑ «Thomas Cromwell», Historic Royal Palaces (på engelsk), henta 28. desember 2022
- ↑ essentialldn (9. mai 2019), «The ghosts of Tower Hill», Essential London | The top sights in London and beyond (på engelsk), henta 28. desember 2022
- ↑ «The gruesome story of a radical Isis-like movement that once ruled Münster», The Local Germany (på engelsk), 3. mai 2018, henta 28. desember 2022
- ↑ Diarmaid MacCullough: Thomas Cromwell (s. 531)
- ↑ janetwertman (8. august 2015), «August 8, 1540 – Marriage to Catherine Howard Made Public», Janet Wertman (på engelsk), henta 28. desember 2022
- ↑ Diarmaid MacCullough: Thomas Cromwell (s. 537)
- ↑ «A Short Analysis of Sir Thomas Wyatt’s ‘The Pillar Perished’», Interesting Literature (på engelsk), 3. mai 2017, henta 28. desember 2022
- Denne artikkelen bygger på «Thomas Cromwell, 1. jarl av Essex» frå Wikipedia på bokmål, den 28. desember 2022.