Uli Stielike
Uli Stielike på en pressekonferanse føre ein privatlandskamp med Iran i 2014 | |||
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn | Ulrich Stielike | ||
Fødselsdato | 15. november 1954 (69 år) | ||
Fødestad | Ketsch i Vest-Tyskland | ||
Høgd | 176 cm | ||
Posisjon | Midtbane, Sweeper | ||
Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Tianjin Teda (trenar) | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar | (Mål) |
1972-1977 | Borussia Mönchengladbach | 109 | (12) |
1977-1985 | Real Madrid | 215 | (41) |
1985-1988 | Neuchâtel Xamax | 66 | (0) |
Totalt | 390 | (53) | |
Landslag | |||
1975-1984 | Vest-Tyskland | 42 | (3) |
Trenar for | |||
1989-1991 | Sveits | ||
1992-1994 | Neuchâtel Xamax | ||
1994-1995 | Waldhof Mannheim | ||
1996 | Almería | ||
1998-2000 | Tyskland (assistenttrenar) | ||
2000-2006 | Tyskland (U19 / U20 / U21) | ||
2006-2008 | Elfenbeinskysten | ||
2008 | Sion | ||
2008-2010 | Al-Arabi | ||
2010-2012 | Al-Salliya | ||
2013-2014 | Al-Arabi | ||
2014-2017 | Sør-Korea | ||
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga |
Ulrich Stielike, kjend som Uli Stielike, (fødd 15. november 1954) er ein tysk tidlegare fotballspelar og -trenar frå Ketsch i Baden-Württemberg. Han var ein mykje stødig midtstoppar og/eller defensiv midtbanespelar som vart europameister med Vest-Tyskland i 1980 og dessutan vann ei mengd pokalar med Borussia Mönchengladbach, Real Madrid og Neuchâtel Xamax. Stielike er, saman med Rainer Bonhof og Manfred Kaltz, dei einaste som har spelt finale i både VM-, EM-, europacupen, cupvinnarcupen og UEFA-cupen.
Klubbspel
[endre | endre wikiteksten]Stielike fekk kontrakt med det vesttyske topplaget Borussia Mönchengladbach i 1973 og spelte på laget i fire og eit halvt år. Gjennom desse sesongane var han med å vinne bundesligaen tre år på rad, og elles vinne den vesttyske cupfinalen 1973 og UEFA-cupen i 1975. I sin siste kamp med Borussia, europacupfinalen 1977, måtte han tole tap mot Liverpool FC.
Sommaren 1977 vart Stielike overført til spanske Real Madrid. Dei tre fyrste åra med Madrid-laget sanka han tre nye ligatitlar. I tillegg var han med å vinne den spanske cupen både i 1980 og 1982, derimot gjekk han på tap i finalane i høvesvis europacupen 1981 mot Liverpool FC og cupvinnarcupen 1983 mot Aberdeen FC. Våren 1985 var han på plass i midtforsvaret til Real då Madrid-laget vann UEFA-cupen for fyrste gong.
Etter åtte sesongar i Real Madrid veksla Stielike i 1985 over til sveitsiske Neuchâtel Xamax, der han både i 1987 og 1988 hjelpte laget til siger i den sveitsiske fotballigaen. Han la opp våren 1988.
Landslagsspel
[endre | endre wikiteksten]I tida frå debuten i 1975 til hans siste landskamp i september 1984 fekk Stielike 42 kampar i den vesttyske landslagstrøya. Han fekk ikkje plass i VM-troppa 1978. Sidan var han med i både Fotball-EM 1980, verdsmeisterskapen i Spania 1982 og Fotball-EM 1984. Både under EM 1980, som Tyskland vann etter 2-1 over Belgia i finalen, og i VM 1982, der Tyskland tapte finalen med 1-3 mot Italia, spelte Stielike alle kampane. Også då Tyskland gjorde eit heller dårleg meisterskap i 1984, spelte han alle tre kampane til full tid. Sine tre landslagsmål skåra han i 1983/84-sesongen.
Merittar
[endre | endre wikiteksten]- Europameister: 1980 for Vest-Tyskland
- VM-sølv: 1982 for Vest-Tyskland
- Vinnar av UEFA-cupen: 1975 med Borussia Mönchengladbach og 1985 med Real Madrid
- Vesttysk seriemeister: 1975, 1976, 1977 med Borussia Mönchengladbach
- DFB-pokalen: 1973 med Borussia Mönchengladbach
- Spansk seriemeister: 1978, 1979, 1980 med Real Madrid
- Spansk cupmeister: 1980 og 1982 med Real Madrid
- Finaletap i Europacupen: 1977 med Borussia Mönchengladbach og 1981 med Real Madrid
- Finaletap i Cupvinnarcupen: 1983 med Real Madrid
- Sveitsisk seriemeister: 1987 og 1988 med Neuchâtel Xamax
Trenar
[endre | endre wikiteksten]Stielike var landslagssjef 1989-91 for Sveits, 2006-08 for Elfenbeinskysten og 2014-17 for Sør-Korea.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Uli Stielike» frå Wikipedia på tysk, den 17. juni 2018.