Hopp til innhald

Vágar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Vágar i Hålogaland.
Vágar
øy
Land  Færøyane
Del av Færøyane
Areal 177,6 km²
Folketal 3 063 (2014)
Kart
Vágar
62°05′00″N 7°16′00″W / 62.083333333333°N 7.2666666666667°W / 62.083333333333; -7.2666666666667
Kart over Færøyane med namn på øyane
Kart over Færøyane med namn på øyane
Kart over Færøyane med namn på øyane
Wikimedia Commons: Vágar

Vágar er den tredje største av dei 18 øyane som utgjer øygruppa Færøyane. Ho har ei flatevidd på 177,6 km² og 2 782 innbyggjarar (31. desember 2002). Her finn ein den internasjonale (og einaste) flyplassen på Færøyane.

Færøyske dansarar frå Vágar.
Utsyn mot Vágar, sett frå Streymoy

Vágar ligg vest for hovudøya Streymoy og har sidan 2002 hatt vegsamband med Streymoy gjennom den fire kilometer lange Vágartunnelen. Denne tunnelen er det hittil mest prestisjefylte byggjeprosjektet i færøysk historie og har gjort reisetida mellom flyplassen og hovudstaden stuttare.

Vest for Vágar ligg Tindhólmur og fugleparadiset Mykines. Dei to største vatna på Færøyane ligg på Vágar; Sørvágsvatn og Fjallavatn.

Høgste fjellet på øya er Árnafjall på 722 moh.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Vágar